A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Voss sjukehus søker gynekolog til føde- og gynekologisk avdeling, i ei 100% fast stilling. Arbeidet omfatter fødselshjelp, gynekologi og oppfølging av nyfødde, med vakt på fødegangen og polikliniske oppfølgingar for risikogravide.
Vakta er for tida 6-delt med heimvakt kveld og natt. Vi samarbeider tett med Kvinneklinikken på Haukeland og har godt fokus på fagleg utvikling.
Søkjer du ein kvardag med nærleik til frisk luft og fjell? Men samstundes ynskje om å arbeide i eit spanande og utfordrande sjukehusmiljø?
Velkomen til Voss!
Voss Føde- og gynekologisk avdeling søkjer etter nye kollegaer. Me har ledig 100% fast stilling som gynekolog og kan tilby pendlarvennleg turnus.
Me søkjer deg som har erfaring innanfor generelle gynekologiske problemstillingar i poliklinikken og på operasjonsstova. Du må samstundes beherska fødselshjelp godt og trivast med vaktarbeid på fødegangen, samt poliklinisk oppfølging av risikogravide frå vårt distrikt. Arbeidsoppgåvene vil vere både innan fødselshjelp, gynekologi og oppfølging av nyfødde. Vaktordninga er for tida 6-delt med heimevakt på kveld og natt.
Det blir født kring 400 born på Voss i året. Ved sida av å ha sett til at alt gjekk fint for seg med dei, gjennomfører vi kring 3000 polikliniske konsultasjonar og 300 operasjonar. Vi utfører dei fleste inngrep innanfor benign gynekologi. Vi har stort fokus på fagleg utvikling og vi ventar at du har det samme. Vi samabeider tett med Kvinneklinikken på Haukeland.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook .
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.