A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Helse Møre og Romsdal søkjer ein lege som ønskjer å bidra til eit trygt og kunnskapsbasert smittevernarbeid i føretaket. Stillinga har ei sentral medisinskfagleg rolle i smittevern, med nært samarbeid med smittevernrådgivarar ved sjukehusa.
Stillinga utgjer 60 prosent, kan kombinerast med klinisk arbeid og kan delast mellom to legar. Hovudarbeidsstaden vil vere Ålesund sjukehus eller SNR Hjelset. Løn og pensjonsordningar vert i samsvar med gjeldande avtalar.
Smittevern er eit viktig satsingsområde i Helse Møre og Romsdal. Vi søkjer ein lege som ønskjer å bidra til eit trygt, kunnskapsbasert og framtidsretta smittevernarbeid i føretaket.
Smittevernarbeidet i Helse Møre og Romsdal er organisert som ei føretaksdekkjande teneste i fagavdelinga. Stillinga er organisatorisk plassert i Seksjon for helsetenesteutvikling, med fagleg rapportering direkte til fagdirektøren i smittevernfaglege spørsmål. Stillinga har ikkje personalansvar, men har ei sentral medisinskfagleg rolle i smittevernarbeidet og inneber tett samarbeid med smittevernrådgivarane og andre relevante fagmiljø i føretaket.
Smittevernpersonalet består av fem rådgivarar i til saman 4,5 årsverk, lokaliserte ved sjukehusa våre. Rådgivarane arbeider mellom anna med infeksjonsførebygging, utbrotshandtering og andre smittevernfaglege spørsmål.
Stillinga utgjer til saman 60 prosent. Vi er opne for ei fleksibel organisering der stillinga kan fyllast av éin lege eller delast mellom to legar, til dømes 40 og 20 prosent. Stillinga kan kombinerast med klinisk arbeid etter nærare avtale. Startdato kan også avtalast nærare.
Hovudarbeidsstaden vil vere Ålesund sjukehus eller SNR Hjelset, etter avtale. Det må reknast med arbeid og nærvær ved flere av lokasjonane til føretaket.
Du vil arbeide innen følgande hovudområde:
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak fra offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal