Une candidature complète en une minute
Un CV et une lettre de motivation personnalisés, prêts à envoyer.
Fjord1 søkjer erfarne skipsførarar til sambandet Stårheim-Isane. Fast stilling med døgnskift, 2 veker på, 1 veke av, og periodar med 2 veker på, 3 veker av. Du blir ein nøkkelperson i eit engasjert team og vil vere med på å sikre trygg og energieffektiv drift langs kysten.
Stillinga krev D3-sertifikat og ROC/GMDSS, samt sikkerheitskurs og helseattest. Søkjar må bu nært Stårheim/området og vere ein motivert leiar med fokus på kvalitet og tryggleik.
Stårheim
Skipsfører i sambandet Stårheim-Isane, p.t. MF Selje
Vi ser etter ein erfaren, trygg og solid skipsførar til sambandet Stårheim-Isane.
Familievenleg turnus med døgnskift. Du går 2 veker på, 1 veke av. Deretter 2 veker på, 3 veker av.
Stabil og trygg drift på sambandet er avgjerande for lokalsamfunnet, og du blir ein viktig bidragsytar i det arbeidet. Du får ei nøkkelrolle som leiar i eit engasjert team, der du får arbeide løysningsorientert og operativt.
Fjord1 er eit innovativt og framtidsretta selskap med gode karrieremoglegheiter. Vi tilbyr gode pensjonsordningar og velferdsgoder.
Grunna døgnskift bør søkar bu lokalt, helst innan 1 time.
Søknadsfrist: 30.11.2026
Arbeidsgivar: Fjord1 - Maritim Drift
Stad: Stårheim
Stillingstittel: Skipsfører i sambandet Stårheim-Isane, p.t. MF Selje
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast, Anna, Engasjement, Lærling, Sommarjobb, Trainee, Vikar
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 5156070331
Startdato: 20.10.2026
Vi søker ein erfaren og ansvarsbevisst skipsfører med gode leiareigenskapar og fokus på tryggleik og kvalitet. Du må vere løysingsorientert, sjølvstendig og ha evne til å inspirere og motivere mannskapet. Om desse eigenskapane beskriv deg, så tar vi gledeleg imot din søknad.
Adresse: Stårheim-Isane, 6777 Stårheim, Norge
Jonas Hovland
Rekrutteringsrådgiver
Telefon: +47 90210232
E-post: jonas.hovland@fjord1.no
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.