Turn this role into an interview — a resume and cover letter built around what this employer wants.
Fødeavdelinga ved Ålesund sjukehus i Helse Møre og Romsdal HF søkjer sjukepleiarstudentar som ønskjer verdifull erfaring innan føde- og barselomsorg. Som tilkallingsvikar vil du bidra i den daglege drifta saman med jordmødrer, barnepleiarar og sjukepleiarar, og få moglegheit til å utvikle kompetanse innan kvinne- og barnehelse.
Arbeidet kan vere helg, ferieperiodar og ekstravakter utover dette. Vi tilbyr eit sterkt tverrfagleg samarbeid og ei inkluderande arbeidsplass som ivaretar fagleg
Sjukepleiestudent/tilkalling/føde-barsel Føde Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Fødeavdelinga ved Ålesund sjukehus er ei spennande og aktiv avdeling, som har ca. 1200 fødslar pr år.
Vi søkjer sjukepleiarstudentar som ønskjer verdifull erfaring innan føde- og barselomsorg. Som tilkallingsvikar vil du bidra i den daglege drifta saman med jordmødrer, barnepleiarar og sjukepleiarar, og få moglegheit til å utvikle kompetanse innan kvinne- og barnehelse.
Det kan være aktuelt med arbeid på helg, i ferieperioder, samt høve for ekstravakter utover dette.
Høyrest dette ut som noko for deg? Då håpar vi du søkjer – vi gler oss til å høyre frå deg!
02.10.2026
Helse Møre og Romsdal HF
Sjukepleiestudent/tilkalling/føde-barsel
1
Deltid
Tilkalling/Timebasis
0
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
Adresse: Ålesund Sykehus, Åsehaugen 5, 6017 Ålesund, Norge
Marianne Bakken Omvik
Seksjonsleiar
Telefon: +47 70105921
E-post: Marianne.Bakken.Omvik@helse-mr.no
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det videre eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak fra offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal