An application made for this job — a tailored resume and cover letter that speak straight to the posting.
Ålesund sykehus søker ei fleksibel og ansvarsfull tilkallingsvikar ved behov. Stillinga passer spesielt for helsefagstudentar og andre over 18 år som ønskjer erfaring frå spesialisthelsetenesta. Det kan vere aktuelt å vikariere for seksjonen si faste assistent i sommarferie.
Som assistent vil du vere ein viktig del av støtteapparatet som bidreg til god flyt og hygiene i avdelinga. Arbeidsoppgåver inkluderer reinhald, klargjering av fødestover, vask av fellesareal, transport og klargjering av
Vi søkjer ein fleksibel, ansvarsbevisst og påliteleg medarbeidar som kan arbeide som tilkallingsvikar ved behov. Det kan i periodar vere aktuelt å tilby enkelte planlagde vakter, inkludert helgevakter, men stillinga gir ikkje rett til fast arbeid eller fast turnus.
Stillinga kan vere særleg aktuell for sjukepleiarstudentar (1. året), eller andre over 18 år som ønskjer erfaring frå spesialisthelsetenesta. Det er ønskjeleg at den som blir tilsett også kan vikariere for seksjonen sin faste assistent under ferieavvikling sommaren 2027.
Fødeavdelinga ved Ålesund sjukehus tilbyr trygge og omsorgsfulle tenester til fødande og nyfødte. Vi har eit tverrfagleg miljø med høg fagleg kompetanse og fokus på kvalitet, tryggleik og pasientomsorg. Som assistent vil du vere ein viktig del av støtteapparatet som bidreg til god flyt og hygiene i avdelinga.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg.
Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din.