Enable job alerts via email!
En offentlig helsetjeneste søker sjukepleiarstudenter for helgestilling med stipendmuligheter fra medio august 2025 til medio august 2026. Du vil utføre pleieoppgaver og kvalitetskontroll i et støttende miljø. Positivt arbeidsmiljø med fokus på kompetanseutvikling og fleksible arbeidstider.
Sjukepleiarstudentar til helgestilling med stipendca. 15 - 20%. Stillinga er ledig frå medio august 2025 til medio august 2026.
Skriv om du vil vere på Vindafjordtunet eller Ølen omsorgssenter og kva avdeling.
Fortløypande tilsetting.
Sjukepleiarstudentar til helgestilling med stipendca. 15 - 20%. Stillinga er ledig frå medio august 2025 til medio august 2026.
Skriv om du vil vere på Vindafjordtunet eller Ølen omsorgssenter og kva avdeling.
Fortløypande tilsetting.
Vindafjordtunet ligg i Nedre vats og er delt i to avdelingar: Somatisk langtid med 14 plassar og Demensomsorga med til saman 34 plassar fordelt på 2 avdelingar. Ølen omsorgssenter ligg sentralt i Ølen og har Somatisk Langtid med 14 plassar og Korttid/rehab med 13 plassar. På natt arbeidar du på heile huset i lag med sjukepleiar og helsefagarbeidar samt nattpatruljen. Me har årsturnus der du planlegg korleis du vil arbeide for året som kjem. Antal helgar ila stipendavtalen kan då plasserast der det passar deg best i høve til praksisperiodar eller andre ting. Du kan velje å arbeide dag/kveld, langvakter eller natt – mange moglegheiter som passar for DEG!
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Vindafjord kommune kan tilby sjukepleiarstudentar det som truleg er den beste stipendordninga i distriktet. Du vil ha moglegheit til å jobbe ekstravakter ut over din avtalte stillingsprosent og velje den arbeidstidsordninga som passar deg best. Det blir lagt vekt på at du sjølv skal ha stor påverknad på kva helger i året som passar best for deg å jobba. Studentavtalar skrivast for eit år om gongen.
Over 3 år: - 1. og 2. års student: Kr 25 000 pr år. Arbeide 5 veker (2-3 helger) av sommaravviklinga (minimum 75% stilling).
3 års student: kr 40 000 - Arbeide 5 veker (2-3 helger) av sommaravviklinga (minimum 75% stilling).
Over 4 år: - 1.,2. og 3. års student: kr 25 000 pr år. Arbeide 5 veker (2-3 helger) av sommaravviklinga (minimum 75% stilling).
4. års student: kr 40 000 pr år - Arbeide 5 veker (2-3 helger) av sommaravviklinga (minimum 75% stilling).
Alternativ 1: 15 helger med sommar – minimum to vakter pr. helg.
Alternativ 2: 23 helger med sommar – minimum to vakter pr. helg.
Alternativ 3: 13 helger med langvakter – minimum to vakter pr. helg.
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søkja.
Du kan kome med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Vindafjord kommune ligg sentralt på Indre Haugalandet og grensar til Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Med sine ni bygder og over 9000 innbyggjarar, er kommunen ein levande og mangfaldig stad. Kommunesenteret Ølen ligg om lag fem mil frå Haugesund. Vindafjord er ein stor landbrukskommune med eit dynamisk og variert næringsliv. Kommunen har høge ambisjonar om å vera eit naturleg sentrum for Indre Haugalandet. Med si strategiske plassering og ei lang kystlinje mot både Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget, byr Vindafjord på mange moglegheiter for friluftsliv. Som innbyggar i Vindafjord kommune får du fleire fordelar som gjer kvardagen litt enklare, til dømes kan du få sletta inntil 25.000 kroner av studielånet ditt kvart år. Me tilbyr òg rimelege barnehageplassar.