A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Strandebarm omsorg i Kvam herad leitar etter sjukepleiar til eit 85% vikariat. Tilsetjinga gjeld frå 1. desember 2026 til 1. januar 2028 med oppstart etter avtale.
Stillinga er i årsturnus med arbeid på dag, kveld og helg, og det kan være moglegheit for lange vakter i helg. Pleie- og omsorgstenesta vil leggja vekt på eit godt liv og god heimesjukehjemstjeneste.
Pleie og omsorgstenesta i Kvam har fokus på "Eit godt liv der me bur" og har som mål å skapa omsorgstenester for framtida. Meir satsing på tenester til heimebuande er sentralt i den nye omsorgsmodellen. Strandebarm omsorg består i dag av sjukepleiarar, fagarbeidarar, pleiemedarbeidarar, aktivitør, fysioterapeut og lege. Me har i dag base på Strandebarmheimen sjukeheim.
Hos oss ved Strandebarm omsorg tilbyr me tenester til brukarar i institusjon, omsorgsbolig og i heimetenesta.
Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Helse og omsorgslova. Attesten skal ikkje leggjast ved søknaden. Tilsetjing føreset at gyldig attest vert lagd fram før tiltreding. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar.
Pleie og omsorgstenesta i Kvam har fokus på "Eit godt liv der me bur" og har som mål å skapa omsorgstenester for framtida. Meir satsing på tenester til heimebuande er sentralt i den nye omsorgsmodellen. Strandebarm omsorg består i dag av sjukepleiarar, fagarbeidarar, pleiemedarbeidarar, aktivitør, fysioterapeut og lege. Me har i dag base på Strandebarmheimen sjukeheim.
Hos oss ved Strandebarm omsorg tilbyr me tenester til brukarar i institusjon, omsorgsbolig og i heimetenesta.
Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest uten merknader, etter Helse og omsorgslova. Attesten skal ikkje leggjast ved søknaden. Tilsetjing føreset at gyldig attest vert lagd fram før tiltreding. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar.
Elisabeth Svåsand,Gruppeleiar i Strandebarm,918 17 408
Tangeråsneset 25
5630Strandebarm
Arbeidsgivar: Kvam herad
Referansenr.: 5192488589
Stillingsprosent: 85%
Vikar
Søknadsfrist: 01.11.2026
Gruppeleiar i Strandebarm
Oppdag Kvam - framtida er her!Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.
Naturopplevingar og aktivitetarVed fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.
Ein kommune for framtidaMe har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Kvam vidaregåande skule og kulturhus opna i januar 2026 og ligg i Norheimsund sentrum. Skulen har fagtilbod innan yrkesfag og studiespesialiserande linjer. I samme bygg finn du vaksenopplæringa, Kvam kino, folkebibliotek og skulebibliotek.