Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Kvam herad i Strandebarm omsorg søker helsefagarbeidar for 80% fast stilling. Stillinga blir ledig frå 1. desember 2026 og tiltreding skjer etter avtale. Arbeidsplassen er i Strandebarm, i eit nyopna omsorgssenter, med dagens turnus på dag og kveld samt arbeid 3.kvar helg.
Arbeidet omfattar pleie og stell til brukarar i institusjon, omsorgsbustad og heimetenesta. Attest og politiattest blir krav ved tilsetjing, og tilsette vil få varierande oppgåver og godt fagmiljø.
Søk jobb som helsefagarbeidar i Strandebarm omsorg!
Strandebarm omsorg består i dag av sjukepleiarar, fagarbeidarar, pleiemedarbeidarar, aktivitør, fysioterapeut og lege. Me held til i nytt omsorgssenter i Strandebarm.
Pleie og omsorgstenesta i Kvam har fokus på "Eit godt liv der me bur" og har som mål å skapa omsorgstenester for framtida. Meir satsing på tenester til heimebuande er sentralt i den nye omsorgsmodellen.
Hos oss ved Strandebarm omsorg tilbyr me tenester til brukarar i institusjon, omsorgsbolig og i heimetenesta.
Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest uten merknader, etter Helse og omsorgslova. Attesten skal ikkje leggjast ved søknaden. Tilsetjing føreset at gyldig attest vert lagd fram før tiltreding. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar.
Elisabeth Svåsand,Gruppeleiar i Strandebarm,918 17 408
Tangeråsneset 25
5630Strandebarm
Arbeidsgivar: Kvam herad
Referansenr.: 5188986097
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 01.12.2026
Søknadsfrist: 01.11.2026