A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Kvam herad i Øysteseheimen søkjer sjukepleiar eller vernepleiar til ei 80% fast stilling som startar 1. januar 2027. Stillinga går i turnus med dag, kveld og 3. kvar helg, og er lokalisert sentrumsnært i Øystese.
Som tilsett får du opplæring, moglegheit for vidareutdanning og kompetanseutvikling, samt ei rekrutteringstillegg på 40 000 kr i året ved heiltid. Vi vektlegg sjølvstendig arbeid og gode pensjons- og forsikringsordningar.
Øysteseheimen langtidsavdelingerorganisert under avdeling for heildøgnstenester oglokalisert sentrumsnært i Øystese. Målsetjinga vår er at Øysteseheimen skal vera ein plass der det er godt å bu. Saman med dei andre tilsette jobbar me for å gje bebuarane ein trygg og verdig alderdom.
Som tilsett hos oss vil du få opplæring og høve til videreutdanning og kompetanseheving.
Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest uten merknader, etter Helse og omsorgslova. Attesten skal ikkje leggjast ved søknaden. Tilsetjing føreset at gyldig attest vert lagd fram før tiltreding. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar.
Oppdag Kvam - framtida er her! Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.
Naturopplevingar og aktivitetar
Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.
Ein kommune for framtida
Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Kvam vidaregåande skule og kulturhus opna i januar 2026 og ligg i Norheimsund sentrum. Skulen har fagtilbod innan yrkesfag og studiespesialiserande linjer. I samme bygg finn du vaksenopplæringa, Kvam kino, folkebibliotek og skulebibliotek.