A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Helse Fonna HF i Haugesund søker sivil sjukepleiar til kreftpoliklinikken. Du vil følge opp pasientar i ulike fasar av kreftsjukdommen, gi behandling,Informasjon og rettleiing, og arbeide tett med sengeposten kvar fjerde helg.
Du må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar og gode norskkunnskapar. Vikariatet er 100% og varer fram til midten av desember 2027 med moglegheit for forlenging; søknadsfrist 04.01.2027. Vi legg vekt på fagleg nettverk og godt arbeidsmiljø.
På kreftpoliklinikken ved Haugesund sjukehus får du ein arbeidsdag der både fagkunnskapen din og møtet med menneske betyr mykje. Du følgjer opp pasientar i ulike fasar av kreftsjukdommen. Nokre får behandling for å bli friske, andre for å kunne leve best mogleg med sjukdommen. Felles for dei er at dei treng sjukepleiarar som er fagleg trygge, lyttar og ser mennesket bak diagnosen.
Kreftbehandling er eit fagfelt i stadig utvikling, og hos oss lærer vi noko nytt heile tida. Du får ansvar, men står ikkje åleine. Her er terskelen låg for å stille spørsmål, og vi deler kunnskap og hjelper kvarandre når det trengst.
Og no skjer det mykje hos oss!I 2027 flyttar kreftpoliklinikken og sengeposten inn i ei ny, felles kreftavdeling. Då får vi legar, palliativt team og kollegaer frå sengeposten tettare på oss i kvardagen. Det gir betre høve til å samarbeide, dele kunnskap og bli kjende på tvers, både fagleg og sosialt. Vi er ei avdeling i vekst, og du får høve til å bidra med idear og erfaringar når vi utviklar måten vi jobbar på.
Likar du å jobbe sjølvstendig, lære noko nytt og ha kollegaer som stiller opp for kvarandre? Då vil vi gjerne bli kjende med deg!
På kreftpoliklinikken ved Haugesund sjukehus får du ein arbeidsdag der både fagkunnskapen din og møtet med menneske betyr mye. Du følgjer opp pasientar i ulike fasar av kreftsjukdommen. Nokre får behandling for å bli friske, andre for å kunne leve best mogleg med sjukdommen. Felles for dei er at dei treng sjukepleiarar som er fagleg trygge, lyttar og ser mennesket bak diagnosen.
Kreftbehandling er eit fagfelt i stadig utvikling, og hos oss lærer vi noko nytt heile tida. Du får ansvar, men står ikkje åleine. Her er terskelen låg for å stille spørsmål, og vi deler kunnskap og hjelper kvarandre når det trengst.
Og no skjer det mye hos oss!I 2027 flyttar kreftpoliklinikken og sengeposten inn i ei ny, felles kreftavdeling. Då får vi legar, palliativt team og kollegaer frå sengeposten tettare på oss i kvardagen. Det gir betre høve til å samarbeide, dele kunnskap og bli kjende på tvers, både fagleg og sosialt. Vi er ei avdeling i vekst, og du får høve til å bidra med idear og erfaringar når vi utviklar måten vi jobbar på.
Du arbeider hovudsakleg på kreftpoliklinikken, med arbeid på sengepost kvar fjerde helg.
Høyrest dette ut som ein jobb for deg? Då håpar vi du søker!
Vikariatet varer etter planen til midten av desember 2027, og det kan bli aktuelt med forlenging. Vi kan òg vurdere lågare stillingsprosent, ned til 70 %.
Du må ha:
Det er ein fordel om du har:
Vi ser etter deg som:
Vi legg vekt på personlege eigenskapar.
Hos oss får du:
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Elisabeth Hystad,Konstituert funksjonsleiar,41870956, elisabeth.hystad@helse-fonna.no
Karmsundgata 120
5528HAUGESUND
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5216491101
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 04.01.2027
Helse Fonna har rundt 4500 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.