Stand out for this role — generate a tailored resume and cover letter in about a minute.
Surnadal sjukeheim i Surnadal kommune tilbyr ledige faste stillingar og vikariat for sjukepleiarar. Omfattande turnus med arbeid fridag og helger blir nytta, og ein vil bli del av eit utviklingsmiljø med fokus på tryggleik og kvalitet.
Institusjonen har korttids- og langtidsavdelingar, ØHD-samhandling og velferdsteknologi. Søkjarar må kunne norsk og gå i dialog og dokumentasjon. Vi legg vekt på fagleg dyktigheit og fleksibilitet.
Stillingane inngår i turnus med arbeid 3.kvar helg eller langvakter på helg med arbeid 4.kvar helg.
Kommunen er i kontinuerleg utvikling. Det må difor påreknast at arbeidsoppgåver, ansvarsområde og organisatorisk tilknytning, kan bli endra i samsvar med behova i verksemda.
Eksterne søkjarar ( ikkje tilsett i Surnadal kommune tidlegare) som får tilbod om sjukepleiarstilling ved Surnadal sjukeheim, får utbetalt lønn i 100% stilling som tilsvarar lønn med 10- års ansiennitet. For eksterne søkjarar som har meir enn 10- års ansiennitet frå tidlegare blir det gjort ei individuell vurdering i tråd med gjeldande avtaleverk ved tilsetting.
Vi er ein institusjon med 58 bebuarrom fordelt på langtidsavdelingar, avdeling for menneske med demenssjukdom og ei korttidsavdeling. I tillegg har vi rom avsett til ØHD ( Øyeblikkelig-Hjelp-Døgnopphold).
Det er eit vilkår for tilsetting at det blir lagt fram tilfredsstillande politiattest før oppstart. Denne skal ikkje vere eldre enn 3 måneder.