Enable job alerts via email!
En ledende helseinstitusjon i Bergen søker dyktige sykepleiere og vernepleiere til flere avdelinger innen psykiatrisk klinikk. Stillingen tilbyr fast ansettelse med 100% stilling, turnusarbeid, og krever norsk autorisasjon samt gode språkkunnskaper. Erfarne og nyutdannede oppfordres til å søke.
Sjukepleiar og Vernepleiar til Psykiatrisk klinikk, Lokal- og Regional sikkerheitspost
Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar som kan jobbe ved einingar innan Divisjon Psykisk helsevern.
Oppgi i søknaden i prioritert rekkefølge kva avdeling(ar) du søker. Som nyutdanna må du legge ved karakterutskrift frå sjuke- eller vernepleieutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller lønt arbeid. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling blir også oppmoda til å søke.
Det er ledig 100% faste stillingar i Psykiatrisk klinikk. Kandidatar vil bli tilsett i Psykiatrisk klinikk, pt ved ein av desse avdelingane:
Oppstart i stillinga vil vere frå snarast eller etter nærare avtale med avdelinga. Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på linken i navnet. Kandidatar kan bli innkalt til intervju undervegs i prosessen.
For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke.
Vil du bidra til å skapemeining i tilværet for menneske med vanskelege tankar, åtferd og følelsar og som har utfordringar med mellommenneskelege relasjonar?
Klinikk for Sikkerheitspsykiatri består av fem seksjonar. Regional-, Lokal sikkerheitsavdeling, Sikkerheitspoliklinikk, Seksjon for fengselshelseteneste, og eit regionalt kompetansesenter for sikkerheits-, fengsels- og rettspsykiatri. Ansvaret vårt er å behandle pasientar lokalt frå Helse Bergen HF og frå Helseregion vest. Pasientar som blir innlagd ved sengepostane er underlagd tvungen psykisk helsevern.
Vårt samfunnsoppdrag er å gi behandling til alvorleg sinnslidande pasientar, som i tillegg treng høgt tryggleiksnivå for å verne samfunnet. Å finne ei optimal balanse mellom tryggleik og behandling for pasient, personalet og samfunnet er ei av våre viktigaste oppgåver. Målet vårt er å gi alle pasientane auka meistring i ulike fasar av sjukdom, samstundes som vi tek omsyn til samfunnets trong til tryggleik. Sentrale oppgåver er å vurdere og handtere valdsrisiko og samstundes gi omsorg og behandling. Kvar pasient har ei tverrfagleg primærgruppe kor miljøpersonell, psykiater/ psykolog, ergoterapeut og sosionom arbeider saman om å balansere mellom utvikling for pasienten og tryggleik for alle.
Regional sikkerheitspost (RS) har kvar pasient ei tverrfagleg primærgruppe som arbeider saman om å balansere mellom utvikling for pasienten og tryggleik for alle. Ei anna sentral oppgåve kan vere juridiske døgnobservasjonar etter straffeprosesslova §167, etter oppdrag frå domstol og sakkyndige. Som sjukepleiar vil du då inngå i eit rettspsykiatrisk team. Personen som er innlagd til observasjon er ikkje ein pasient, men ein observand. Din oppgåve her vil vere knytta til observasjon og skrive miljørapportar som rettspsykiatrisk sakkyndig skal bruke til å bedømme om vedkommande er tilregneleg eller ikkje i juridisk forstand. Hos oss jobbar det like mange kvinner som menn.
Kontakt:Bente Baug Grey, Tlf.55958384
Lokal Sikkerheitspost (LS)er ein lukka sengepost med 10 døgnplassar. Vi jobbar tverrfagleg og tilbyr mellom anna miljøterapi, medikamentell behandling, psykoterapi, fysisk aktivitet og eigen ergoterapi avdeling. Vi søker ein sjukepleiar eller ein vernepleiar som skapar gode relasjonar til dei rundt seg, er ansvarsbevisst, fagleg nysgjerrig og som trivast i eit miljø med varierande utfordringar. Dette er ei stilling som gjev personleg og fagleg utvikling i eit svært godt arbeidsmiljø.
Kontakt:Joachim Rau Honningsvåg, Tlf. 55958348 eller Charlotte Sunde, Tlf. 55958334
Avdeling for spesialisert psykose (ASP), Seksjon S4 er ei akutt, lukka post med 12 sengeplassar og skjerma eining for menneske med psykoselidingar. Seksjonen er lokalisert til Avdeling Spesialisert Psykosebehandling ved Sandviken sjukehus. Oppgåvene er å diagnostisere, ivareta og behandle menneske i akutt fase av psykoseforløp. Parallelt samarbeider vi med instansar utanfor sjukehuset. Vi er ei avdeling med eit godt arbeidsmiljø som treng ein tilsett som har lyst på ei utfordring innan akuttpsykiatri. Kontakt: June Bønæs Nødtvedt, Tlf.55958848
Avdeling for stemningslidingar, Seksjon S6 tilbod spesialisert utgreiing og behandling på sjukehusnivå til pasientar med stemningslidingar. Seksjon S6 har 12 senger og målgruppa er hovudsakleg pasientar med bipolar lidingar, depresjon, mani og andre tilstander. Teamet består av spesialsjukepleiar, sjukepleiar, vernepleiar, hjelpepleiar, sosionom, lege, psykiater og psykologspesialist. Kontakt: Jan Legreid, Tlf.55958762
Avdeling spiseforstyrringar (RAS) har poliklinikk og døgnavdeling og behandlar ca 70 pasientar til ei kvar tid. Vi bruker kognitiv åtferdsterapi og annan psykoterapi. Kontakt: Tor Egil Pettersen, Tlf.97107617 eller Anneli Ødemark Dyrdal, Tlf.55976827
Psykiatrisk akuttmottak PAM2 gir akutt psykiatrisk hjelp til personar over 18 år. Tilbodet består av akutt vurdering, diagnostisering, behandling og pleie. Opphald i PAM er kortvarig (1–5 dagar). PAM2 er ein lukka post med 9 sengeplassar. Kontakt: Anja Marie Engh, Tlf.55956412
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Sjå kontaktperson, oppgitt for dei enkelte stillingane
Karina Vorland Løvstad, Seksjonsleiar Trainee- og helsepersonell psykiatri og rus, Bemanningssenteret
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er også viktige oppgåver. Les meir på www.helse-bergen.no.
Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga og rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn eller bakgrunn for å bidra i spesialisthelsetenesta.