Oversikt
Sjukepleiar eller vernepleiar i Røyrvika omsorgsbustadar. Me har ledig fast 100 % stilling i turnus med arbeid kvar 3. helg (dag/kveld) eller kvar 4. helg med langvakter. Oppstart etter avtale.
Arbeidsoppgåver
- Bidra til å sikra forsvarlege pleie- og omsorgstenester, og at oppgåver vert utførte i tråd med kvalitetskrav og lovverk
- Ansvarsvakt
- Primær/sekundæransvar
- Sikre eit godt samarbeid med fastlegar, spesialisthelsetenesta og andre samarbeidsparter
- Ansvar for legemiddelhandtering
- Yta nødvendig helsehjelp og praktiske oppgåver
- Bidra til fagleg utvikling av tenesta
- Sjå behov for utvikling og endring hos brukarane
- Fagleg rettleiing av tilsette og studentar
- Fagleg kompetanseheving og utvikling
- Skapa tryggheit og gode relasjonar
- Dokumentasjon etter lovverk og interne rutinar, Profil.
Kvalifikasjonar
- God muntleg og skriftleg norsk
- Erfaring frå psykisk helsearbeid er ønskeleg
- Er interessert i ny lærdom og er engasjert i faget ditt
- Er fleksibel og ansvarsbevisst
- Me legg vekt på personlege eigenskapar og evna til samarbeid på tvers av faggrupper til det beste for bebuaren
- Det er krav om politiattest og norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
- Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
- Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
- Du må like utfordringar, vere engasjert, løysingsorientert og kunne trekke slutningar
- Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
- Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
- Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen
Vi tilbyr
- Gode pensjonsordningar
- Løn etter tariff
- Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
- Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
Arbeidsstad
Røyrvika 3a, 4340 Bryne