Turn this role into an interview — a resume and cover letter built around what this employer wants.
Kvinnherad kommune søkjer sjukepleiar til Heimetenesta Husnes/Halsnøy. Du får ei meiningsfull og variert arbeidskvardag i eit nyoppretta sjukepleiarteam, med eit godt kollegafellesskap og fokus på fagleg utvikling.
Arbeidsdagen vil innehalde hjå pasientar i heimetenesta, med moglegheit for langvakter og ei trygg og inkluderande arbeidsmiljø. Godt utstyr og innføring i arbeidsoppgåver vert gitt.
Heimetenesta Sør
Har du ei lidenskap for å hjelpe andre – og trivst best når du får gjere ein forskjell i kvardagen til menneske som treng deg?Likar du å vere på farten, kjenne friheita på vegen og jobbe sjølvstendig i vakre omgivelser? Då trur me du vil trivast hos oss!
Vi har både sjukepleiarteam og muligheter for langvakter
Hos oss i Heimetenesta Husnes/Halsnøy får du ein arbeidskvardag fullt av gode møter, faglege utfordringar – og mykje meistring. Me søkjer deg som er engasjert, trygg og som vil vere med å skape tryggleik i heimane til pasientane våre.
Her får du bruke både fagkunnskapen , medmennesket og bilføraren i deg.
Kvinnherad kommune er kjend for varme og gode tenester – og eit fagmiljø som vil meir. Heimetenesta på Halsnøy og Husnes jobbar tett saman, og me er stolte av å ha eit inkluderande fellesskap der alle hjelper kvarandre å lukkast.
Me held til midt i nydelig vestlandsnatur med fjell, fjordar og flotte turstiar rett utenfor døra. Perfekt for deg som set pris på frisk luft og ro mellom vaktene.
Gyldig politiattest må leggjast fram.
Saman gjer me kvardagen trygg og god for dei som treng oss mest.