An application made for this job — a tailored resume and cover letter that speak straight to the posting.
Øygarden kommune i heimetenesta søkjer helsefagarbeidarar til fire avdelingar (Skogsvåg, Ågotnes, Straume, Bildøy) med 75% faste stillingar og eit vikariat. Arbeidet skjer i brukarens heim, i team eller sjølvstendig, og kravet er autorisasjon som helsefagarbeidar. Vi legg vekt på fagleg dyktigheit og engasjement.
Du får muligheiter til utvikling, startlån ved rekruttering og eit arbeidsmiljø prega av mangfald, omtanke og samarbeid.
Heimetenesta i Øygarden kommune er under kommunalsjefområde helse og velferd og er inndelt i fire avdelingar : Skogsvåg, Ågotnes, Straume og Bildøy. Som helsefagarbeidar i heimetenesta vil ein jobbe tett på brukarane i deira heim og møte dei i ulike livssituasjonar og ulike utfordringar. I heimetenesta jobbar ein strukturert innanfor geografiske avdelingar, i team og aleine. Vi treng deg som er ein kompetent helsefagarbeidar som kan utføre tildelte oppgåver i brukars heim. Vi ønskjer at du er fagleg dyktig og engasjert i oppgåver som du vil møte.
Ved intern tilsetjing kan anna stillingsprosent bli ledig . Stillingane er ledig frå snarast
Til stillinga ser vi etter deg som trivs med mange ballar i lufta, som er robust og positiv på krevjande dagar og som trivs best når du arbeider i eit aktivt miljø. Dine kommunikasjon/samarbeidsevner er gode. Som helsefagarbeidar i heimetenesta får du høve til å utfordre, utvikle og tilegne deg mykje erfaring og kunnskap i ei teneste som stadig er under utvikling og vekst. Vi har fokus på å gje brukaren god livskvalitet, oppretthalde eigne ressursar og gje dei høve til å bu heime så lenge som mogleg gjennom førebyggjande behandling/ tiltak.
Du vil møte motiverte og kunnskapsrike kollega, interessante utfordringar og høve til personleg og fagleg utvikling.
Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån
Du har autorisasjon som helsefagarbeidar, har førarkort og har du erfaring frå heimetenesta er det ein fordel. Du har gode norskkunnskapar og beherskar språket både munleg og skriftleg. Du er strukturert og evnar å halde oversikt. Vi legg vekt på personleg eignaheit. Du må kunne arbeide sjølvstendig og saman med andre samt bidra til eit godt arbeidsmiljø. Du trivs med å tenke nytt, samstundes som du tar vare på dei gode løysingane vi har i dag.
Som vår nye kollega er det viktig at du kjenner deg igjen i våre verdiar; omsorg, livsglede, mot, raus og engasjement
Viss du kjenner deg igjen, bli med oss på laget!
Øygarden kommuneønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak fra innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.