Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Helse Møre og Romsdal søkjer sjukepleiar til osteoporosepoliklinikk og skadepoliklinikk i akuttmottaket. Stillinga omfattar dagtidsarbeid ved osteoporosepoliklinikken og arbeid kvar tredje helg ved skadepoliklinikken, med tett samarbeid med ortopedar og andre fagmiljø.
Du vil bidra i oppfølging av pasientar med osteoporose, gjennomføre infusjonsbehandling og delta i tverrfaglege arbeidsoppgåver. Stillinga legg vekt på fagleg sjølvstende og variert arbeidskvardag.
Ønskjer du ei spennande sjukepleiarstilling der du får kombinere sjølvstendig poliklinisk arbeid med tverrfagleg samarbeid og akuttmedisinske utfordringar?
Stillinga omfattar arbeid ved osteoporosepoliklinikken på dagtid, og arbeid kvar tredje helg ved skadepoliklinikken i akuttmottaket.
Hos oss blir du ein del av eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse, stort fagleg ansvar og eit inkluderande arbeidsmiljø prega av samarbeid, trivsel og godt humør.
Litt om stillinga:
På dagtid vil du arbeide ved osteoporosepoliklinikken, der målet er å førebyggje nye brot og sikre god utgreiing og behandling av pasientar med osteoporose. Poliklinikken blir driven sjølvstendig av sjukepleiarar i tett samarbeid med ortopedar og andre fagmiljø.
Arbeidsoppgåvene omfattar:
Eigne pasientkonsultasjonar
Rettleiing og oppfølging av pasientar
Gjennomføring av infusjonsbehandling
Samhandling med aktuelle faggrupper
Skadepoliklinikken i akuttmottaket
Stillinga inkluderer også arbeid kvar tredje helg ved skadepoliklinikken. Her møter du pasientar med brot- og skadeproblematikk, i tillegg til andre kirurgiske og ortopediske problemstillingar.
Arbeidet skjer i tett samarbeid med legar og andre faggrupper, og gir ein variert og spennande arbeidskvardag.
Kvifor velje oss?
Hos oss får du: Ein variert arbeidskvardag med brei pasientkontakt
Høg grad av fagleg sjølvstende
Eit sterkt tverrfagleg samarbeid
Moglegheit til fagleg utvikling
Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
Bli med på laget!
Vil du vere med og bidra til trygg, kunnskapsbasert og framtidsretta pasientbehandling? Då ønskjer vi å høyre frå deg.
Tilsetjing etter avtale med leiar.
Ved interne omrokkeringar kan andre stillingar bli ledige. Aktuelle kandidatar kan bli kontakta fortløpande.
Vi søkjer deg som:
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innen forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak fra offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Forside - Helse Møre og Romsdal