Get more replies from employers
Send a job-specific resume in minutes.
Ulstein Power & Control AS er en del av Ulstein Group og leverer kraft- og automasjonssystem til kunden i inn- og utland. Vi søker en servicekoordinator som blir mellomledd mellom kundar og tenester, med ansvar for administrativt arbeid som sal, planlegging og fakturering.
Stillinga inngår i eit kunnskapsrikt miljø, med samarbeid i team medan vi leverer til nybygg, retrofit og ettermarknad. Arbeidsstad er Osnes og området rundt, og det kan bli noko reiseverksemd etter behov.
Arbeidsgivar: Ulstein Power & Control AS
Bli med oss som Service Coordinator!
ULSTEINS engasjement for innovasjon, pålitelegheit og fornøgde kundar gjer oss til ein partnarå stole på i den maritime industrien. Våre integrerte løysingar gjer det mogleg for skipseigarar å oppnå nye nivå av effektivitet, redusere kostnader og ta betydelege steg mot ei meir berekraftig framtid.
Ulstein Power & Control, er Ulstein Group sitt systemintegrasjon- og serviceselskap, som leverer avanserte og optimaliserte kraft- og automasjonssystem til kundar i inn- og utland.
I rolla som Service Coordinator vert du ein del av eit kunnskapsrikt og innovativt miljø. Stillinga inngår i eit team som er eit sentralt bindeledd mellom kundane våre og tenestene Ulstein Power & Control tilbyr. Du deltek i heile det administrative der mellom anna sal, planlegging og fakturering inngår. Service-teamet er ei viktig og dynamisk avdeling som leverer tenester til nybygg, Retrofit og ettermarknad. Du vil få ein spennande og innhaldsrik arbeidskvardag, i tett samarbeid med dyktige og kjekke kollegaer.
Ulstein Power & Control har hovudkontor i Ulsteinvik, og avdelingskontor ved Moa i Ålesund.
Søknadar vert vurderte løpande, og aktuelle kandidatar kan bli inviterte til samtale før søknadsfristen er ute.
Per Einar Moldskred, Service Manager, +47 977 92 121
Osnesvegen 110
6065ULSTEINVIK
Arbeidsgivar: Ulstein Power & Control AS
Referansenr.: 5167832494
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.09.2026