Get more replies from employers
Send a job-specific resume in minutes.
Ulstein Power & Control AS i Ålesund-området søker ein Service Coordinator til å vere bindeleddet mellom kundar og tenestene. Du vil delta i sal, planlegging og fakturering, og koordinere reiser og ressursar for serviceoppdrag.
Du blir ein del av eit kunnskapsrikt team i eit internasjonalt konsern, med fokus på kontinuerleg utvikling, kundetilfredsheit og effektive løysingar innan maritim energi og systemintegrasjon.
Bli med oss som Service Coordinator!
ULSTEINS engasjement for innovasjon, pålitelegheit og fornøgde kundar gjer oss til ein partnarå stole på i den maritime industrien. Våre integrerte løysingar gjer det mogleg for skipseigarar å oppnå nye nivå av effektivitet, redusere kostnader og ta betydelege steg mot ei meir berekraftig framtid.
Ulstein Power & Control, er Ulstein Group sitt systemintegrasjon- og serviceselskap, som leverer avanserte og optimaliserte kraft- og automasjonssystem til kundar i inn- og utland.
I rolla som Service Coordinator vert du ein del av eit kunnskapsrikt og innovativt miljø. Stillinga inngår i eit team som er eit sentralt bindeledd mellom kundane våre og tenestene Ulstein Power & Control tilbyr. Du deltek i heile det administrative der mellom anna sal, planlegging og fakturering inngår. Service-teamet er ei viktig og dynamisk avdeling som leverer tenester til nybygg, Retrofit og ettermarknad. Du vil få ein spennande og innhaldsrik arbeidskvardag, i tett samarbeid med dyktige og kjekke kollegaer.
Ulstein Power & Control har hovudkontor i Ulsteinvik, og avdelingskontor ved Moa i Ålesund.
Per Einar Moldskred,Service Manager,+47 977 92 121
Osnesvegen 110
6065ULSTEINVIK
Arbeidsgivar: Ulstein Power & Control AS
Referansenr.: 5167832494
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.09.2026