A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Statens barnehus i Kristiansund søker ein fagleg sterk og utviklingsorientert seniorrådgivar som vil ta del i barnehuset sitt samfunnsoppdrag. Rollen innebærer avansert saksbehandling ved avhøyr av barn og sårbare vaksne, med ansvar for trygge rammer, oppfølging og koordinering på tvers av etatar.
Du blir ein del av eit lokalt team og eit større fagmiljø, med moglegheiter for vidare fagleg utvikling og deltaking i nasjonale fagnettverk.
Statens barnehus har etablert ei underavdeling i Kristiansund. Vi søkjer etter en fagleg sterk og utviklingsorientert seniorrådgivar som ønskjer å ta del i samfunnsoppdraget til barnehuset i politiet.
I rolla får du ein variert og fagleg interessant arbeidskvardag, med mykje ansvar. Sentrale arbeidsoppgåver er knytt til saksarbeid i samband med avhøyr av barn og særlig sårbare vaksne. Du skal leggje til rette for trygge rammer under avhøyr, kartlegge oppfølgingsbehov og gi tilpassa oppfølging til målgruppa. Tverrfagleg og tverretatleg koordinering kjenneteiknar mykje av arbeidet, og høg samhandlingskompetanse er derfor avgjerande i rolla.
Du vil bli ein del av eit lokalt team med tre seniorrådgivarar og ein førstekonsulent. Samtidig vil du vere ein del av eit større fagmiljø med tett samarbeid på tvers av lokasjonane i Kristiansund og Ålesund, som har felles leiing. Hovudavdelinga i Ålesund har i dag elleve medarbeidarar, inkludert fire seniorrådgivarar og to psykologar. Dette gir eit solid fagmiljø med høg kompetanse, og gode moglegheiter for fagleg samarbeid og utvikling.
Avdelingen har adresse i moderne og nyoppussa lokale med sentral plassering i Kristiansund. Noko reiseverksemd må påreknast i stillinga, knytt til oppfølgingsoppgåver og arbeid ved hovudavdelinga.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken.Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Vi ser etter deg som kan kombinere solid fagleg kompetanse med trygg og tillitsvekkande nærvær i møte med både barn og vaksne i målgruppa, og samarbeidspartnarar. Du bidrar aktivt til kvalitet og utvikling i arbeidet, og til eit godt arbeidsmiljø. Du er audmjuk og modig i arbeidet ditt, og har høg motivasjon for å arbeide innanfor fagfeltet til barnehuset.
Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom handlingane sine i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.
I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
Det er også ønskjeleg med
Vi vil leggje stor vekt på korleis kandidaten kompletterer den faglege sammensetninga i teamet.
For å trivast og lykkast godt i stillinga, ser vi for oss at du
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her .
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansattloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her .
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc