A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Statens vegvesen søker ein Senioringeniør (ATK-medarbeider) som vil vidareutvikle nasjonale ATK-løysingar og forvalte porteføljen innan IT/OT. Du samarbeider tett med fagfolk innan trafikktryggleik, IT, arkitektur og leverandørmiljø, og du vil påverke utviklinga av eit viktig nasjonalt fagområde.
Rollekombinasjon er teknologiforståing, fagutvikling og koordinering av krav, kontraktar og utviklingsarbeid, med moglegheit for påverking og vidareutvikling i ATK-landskapet på nasjonalt nivå.
Vil du vere med og utvikle framtidas automatiske trafikkontroll?
Automatisk trafikkontroll (ATK) er eit viktig verkemiddel for å redusere ulykker og bidra til tryggare trafikk på norske vegar. No søkjer vi ein IT/OT-spesialist som vil vere med og vidareutvikle fagområdet og sikre robuste, sikre og framtidsretta løysingar.
Kjenner du deg igjen i skjeringspunktet mellom teknologi, drift, tryggleik og samfunnsoppdrag? Synest du det er spennande å sjå samanhengen mellom system, dataflyt, infrastruktur og teknologi ute i felt? Då kan dette vere arbeidsområdet for deg.
Du blir ein del av ATK-seksjonen i Trafikksikkerhetsavdelingen, der du vil bidra til å utvikle og forvalte nasjonale løysingar som har direkte betydning for trafikktryggleiken i Noreg. Rolla kombinerer teknologiforståing, fagutvikling, leverandørdialog og strategisk arbeid, og gir gode høve til å påverke utviklinga av eit viktig nasjonalt fagområde.
Som Senioringeniør (ATK-medarbeider) med hovudfokus på IT/OT-løysingar vil du bidra til forvaltning, koordinering og vidareutvikling av den nasjonale ATK-porteføljen.
Du vil mellom anna få jobbe med å;
I det daglege vil du samarbeide tett med fagpersonar innan trafikktryggleik, IT, arkitektur, drift, leverandørmiljø og andre interne og eksterne samarbeidspartnarar.
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Hos oss får du mange moglegheiter gjennom å bli ein del av ei landsdekkjande, solid og viktig verksemd. Samtidig er det også opp til deg å bidra til rørsle og kontinuerlig utvikling – både for deg sjølv og for oss.
Vi jobbar for alle – for deg og meg – og har ein reell påveknad på folks kvardag. Du får ansvarsfulle oppgåver og høve til fagleg og personleg utvikling. Vi tek godt imot deg i eit godt arbeidsmiljø over heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
Du må ha:
Omfattande og relevant erfaring kan kompensere for delar av utdanningskravet.
Det er i tillegg ønskjeleg at du har:
Vi vektlegg motivasjon og engasjement for stillinga og samfunnsoppdraget vårt.
Personlege eigenskapar:
For å lykkast i rolla trur vi at du:
Som tilsett i Statens vegvesen er det dessutan viktig at du er tryggingsmessig skikka og har god dømmekraft, pålitelegheit og lojalitet.
Testar og bakgrunnssjekk
For å sikre at vi finn den beste