Get a reply from this employer — a resume and cover letter tailored to exactly what they’re hiring for.
Statens vegvesen søker kontrollingeniør til et langvarig tunnelprosjekt i Rogaland-regionen. Du vil lede oppfølging av entreprenørens arbeid, dokumentere framdrift og sikre etterlevelse av HMS og kvalitetskrav i byggetiden.
Arbeidet innebærer tett samarbeid i prosjektteamet, bruk av digitale verktøy for rapportering, og dialog med leverandører og byggherre. Relevant erfaring og sertifikater er en fordel, men erfaring kan kompensere for mindre formell utdanning.
E134 Røldal -Seljestad er første byggetrinn på strekninga Vågsli - Seljestad, som skal betre aust-vest-forbindelsen over Haukelifjell. I denne omgang skal det byggast ein 12,4 km lang eittløpstunnel, med litt veg i dagen i kvar ende. Totalentreprisen vart signert 31.mars 2025, og byggestart var i mai 2025.
Vi har nå drevet omlag 2,4km av den nye Røldalstunnelen og har behov for å auke bemanninga i ein slagkraftig og kompetent prosjektorganisasjon til å leie utbygginga. Dette er eit langvarig prosjekt med ei byggetid på omlag 6 år. Her har du sjansen til å sette ditt preg på organisasjonen, og vere med på å bygge opp organisasjonen vidare. Du vil bli del av ein hyggeleg og arbeidsam gjeng, som har god kompetanse på området, og vi liker å sjå på oss sjølv som gode kollegar.
Stillingane inngår i ei skiftordning på 12/16, og kontorstad vil vere prosjektkontor på Liamyrane ved Røldal.
Lurer du på korleis det er å jobbe som kontrollingeniør i Vegvesenet? Her kan du lese om Marius sin kvardag som kontrollingeniør på Sotrasambandet.
https://www.vegvesen.no/om-oss/jobb/medarbeiderne-vare-forteller/marius-folger-opp-utbyggingsprosjekter-og-far-trafikken-frem/
Som tilsett i prosjektet vårt vil du ha arbeidsoppgåver tilknytt din rolle som kontrollingeniør.
Dine arbeidsoppgåver vil blant anna vere:
Kjenner du deg igjen i ein eller fleire av desse oppgåvene, og har erfaring frå prosjekt, vil vi oppfordre deg til å søke!
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Hos oss får du mange moglegheiter gjennom å bli ein del av ei landsdekkjande, solid og viktig verksemd. Samtidig er det også opp til deg å bidra til rørsle og kontinuerlig utvikling – både for deg sjølv og for oss.
Vi jobbar for alle – for deg og meg – og har ein reell påveknad på folks kvardag. Du får ansvarsfulle oppgåver og høve til fagleg og personleg utvikling. Vi tek godt imot deg i eit godt arbeidsmiljø over heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
Lønna di blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Om du har omfattande og relevant erfaring, og gode personlege forutsetningar for stillinga, kan det kompensere for manglande formell utdanning.
Vi vektlegg:
Vi ser etter deg som er sjølvgående, strukturert, har god organisasjonsforståing og gjennomslagskraft, og som trivast med å være ein påvirker. Du er fleksibel, initiativrik og løysingsorientert, har gode samarbeidsevner og bidrar til eit godt arbeidsmiljø. Det er naturlig for deg å verenøyaktig og kvalitetsbevisst, for du har erfart at detaljer er viktig.
Som tilsett i Statens vegvesen er det dessutan viktig at du er tryggingsmessig skikka og har god dømmekraft, pålitelegheit og lojalitet.
Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, tilrår vi ei autorisert omsetjing av papira og godkjenningane dine fråHKDIR: Godkjenning av utenlandsk utdanning – jobb i Norge | HK-dir