Eine vollständige Bewerbung in einer Minute
Maßgeschneiderter Lebenslauf und Anschreiben – versandbereit.
Volda kommune søkjer ein seksjonsleiar for Korttidsseksjonen ved Volda omsorgssenter. Stillinga krev leiaransvar, god samhandling og evne til å arbeide tverrfagleg.
Du vil leie og vidareutvikle seksjonen, kombinere administrative oppgåver med teneste til pasientar, og delta i utvikling og endring, budsjett og kvalitetsarbeid.
Vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar og høve til fagleg utvikling, løn og vilkår etter gjeldande avtaleverk.
Stillingstittel Seksjonsleiar Korttidsseksjonen , Volda Omsorgssenter
Vil du vere med og videreutvikle framtidas helse- og omsorgstenester?
Vi søkjer etter deg som vil leie den spennande og mangfaldige korttidsseksjonen ved Volda omsorgssenter.
Korttidseksjonen er Volda kommune sitt pulserande knutepunkt for heilskapleg pasientbehandling. Tilbodet omfattar både ordinære korttidsplassar og øyeblikkeleg hjelp. Vi har eit breitt fagmiljø, og har tett samarbeid med fysio- og ergoterapeutar, lege, heimetenester, sjukehus og forvaltingskontor.
Du vil spele ei sentral rolle i utviklinga av seksjonen og kombinere leiing og administrative oppgåver med direkte tenesteyting.
Dette er ei stilling for deg som brenn for høg kvalitet i tenestene, trivast i dialog med ulike faggrupper – og likar å tenke både drift og utvikling.
Vi søkjer deg som:
Vi ønskjer mangfald og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Personleg eignaheit vil bli sterkt vektlagt.
Ei spennande og meiningsfull leiarstilling
Dyktige og engasjerte medarbeidarar
Moglegheit til å påverke utviklinga av tenestene
Faglege utfordringar og gode utviklingsmoglegheiter
Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk
Ann-Sølvi Heltne,Avdelingslleiar Institusjonstenester,91144863, ann-solvi.heltne@volda.kommune.no
Barstadmarka 2
6102Volda
Arbeidsgivar: Volda kommune
Referansenr.: 5211004962
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.12.2026