Eine vollständige Bewerbung in einer Minute
Maßgeschneiderter Lebenslauf und Anschreiben – versandbereit.
Volda kommune søkjer ein seksjonsleiar for Korttidsseksjonen ved Volda omsorgssenter. Stillinga krev leiing, utvikling og direkte tenesteyting i korttidsseksjonen, med tverrfagleg samarbeid med fysioterapeutar, ergoterapeutar, lege og heimetenester.
Du vil spele ei sentral rolle i utviklinga av seksjonen, kombinere leiing og administrative oppgåver med tenesteyting og bidra til godt arbeidsmiljø og innovasjon.
Vil du vere med og vidareutvikle framtidas helse- og omsorgstenester?
Vi søkjer etter deg som vil leie den spennande og mangfaldige korttidsseksjonen ved Volda omsorgssenter.
Korttidseksjonen er Volda kommune sitt pulserande knutepunkt for heilskapleg pasientbehandling. Tilbodet omfattar både ordinære korttidsplassar og øyeblikkeleg hjelp. Vi har eit breitt fagmiljø, og har tett samarbeid med fysio- og ergoterapeutar, lege, heimetenester, sjukehus og forvaltingskontor.
Du vil spele ei sentral rolle i utviklinga av seksjonen og kombinere leiing og administrative oppgåver med direkte tenesteyting.
Dette er ei stilling for deg som brenn for høg kvalitet i tenestene, trivast i dialog med ulike faggrupper – og likar å tenke både drift og utvikling.
Søknadsfrist:
Seksjonsleiar Korttidsseksjonen , Volda Omsorgssenter
Vi søkjer deg som:
Vi ønskjer mangfald og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Personleg eignaheit vil bli sterkt vektlagt.
Ei spennande og meiningsfull leiarstilling
Dyktige og engasjerte medarbeidarar
Moglegheit til å påverke utviklinga av tenestene
Faglege utfordringar og gode utviklingsmoglegheiter
Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk
Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med 11 131 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.
I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit . Med eit yrande student- og kulturliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.
Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.