Sektor helse og omsorgtilbyr innbyggjarane i Volda kommune ulike tenester. Vi har i perioder behov for nye tilkallingsvikarar. Vi treng både sjukepleiarar, fagarbeidarar, vernepleiarar, assistentar, miljøterapeutar og personar med sosialfagleg kompetanse. Vi har behov for motiverte og dyktige personar som liker å arbeide med menneske.
Inntak av nye vikarar vert gjort fortløpande ved dei seksjonane som har behov. Ver venleg å oppgi namn og kontaktinformasjon til referansar i søknaden. Skriv gjerne også kva felt/avdeling du er mest interessert i. Erfaring, kompetanse, referansar og personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetjing.
Dei ulike avdelingane som kan ha behov for vikarar:
- Institusjon (Volda omsorgssenter og Hornindal omsorgssenter)
- Heimetenester (Heimesjukepleie og døgnbemanna omsorgsbustadar)
- Rus og psykisk helseteneste
- Bu og habilitering
Arbeidsoppgåver
Arbeidet består i helse- og omsorgsoppgaver til innbyggjarar i Volda kommune. Det vil vere ulike stillingsinstruksar ut frå kva avdeling og fagområde det gjeld.
Kvalifikasjonar
- Du må være over 18 år gammel.
- Du må kunne norsk språk veldig godt både munnleg og skriftleg.
- Du må ha vanlegdatakunnskap.
- Du må ha gode evner i kommunikasjon og samarbeid.
- Det er ein fordel med erfaring frå tilsvarende arbeid, men det er ikkje eit krav.
- Faglærte, samt studentar innan relevante fagområder innan helse og sosialfag blir prioritert.
- I nokre seksjonar er det behov for førerkort klasse B for manuell gir. Ver venleg å oppgi dette i søknaden.
- Du må kunne fremlegge tilfredsstillande politiattest og eigenerklæring for tuberkulose før oppstart i arbeid. For arbeid ved sjukeheim må ein også levere eigenerklæring for mrsa.
Personlege eigenskapar
- Du må ha eit ønske om å gjere ein god jobb i arbeid med menneske.
- Du må også ha interesse og gjennomføringsevne når det gjeld å gi brukarane godt innhald i dagane.
- Liker utfordringar og takle raske endringar i arbeidsoppgåver.
- Tar initiativ og ansvar.
- Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre.
- Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø.
- Er strukturert og presis når det gjeld arbeidstid.
Vi tilbyr
- Lønn etter gjeldande tariff.
- Sjølvstendig og variert arbeid.
- Tilgang på e‑læringskurs frå Visma og NHI.
- Høve til fagleg og personleg utvikling.
- Triveleg arbeidsmiljø.
Kontaktinformasjon
- Elsebeth Melle, Avdelingsleiar heimeteneste, 91 130 521, Elsebeth.melle@volda.kommune.no
- Malene Rovde, Avdelingsleiar Rus og psykiatri, 99 011 980, malene.rovde@volda.kommune.no
- Ann‑Sølvi Heltne, Avdelingsleiar Institusjon, 91 144 863, ann‑solvi.heltne@vooda.kommune.no
- Elin Høydal Vatne, Avdelingsleiar Forvalting, 91 155 970, elin.hoydal.vatne@volda.kommune.no
- Reidun Elisabeth Sandnes, Avdelingsleiar Bu og habilitering, reidun.elisabeth.sandnes@volda.kommune.no
Arbeidsstad
Barstadmarka 2
6102 Volda
Nøkkelinformasjon
- Arbeidsgivar: Volda kommune
- Referansenr.: 5151478339
- Stillingsprosent: 14%
- Vikar
- Søknadsfrist: 30.09.2026