Seksjonsleiar intensiv

Helse Midt-Norge RHF

Volda

On-site

NOK 900,000 - 1,200,000

Full time

14 days+

Get a reply from this employer

Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Gode høve til å utvikle deg som leiar
Spanande leiarjobb i ein seksjon med..
Godt samarbeid og tverrfagleg miljø
Offentleg pensjonsordning og sikre vil

Job summary

Helse Møre og Romsdal HF i Volda søker seksjonsleiar intensiv for Volda sjukehus for å leie og vidareutvikle intensivseksjonen og dagkirurgiavsnittet. Du vil ha ansvar for dagleg drift, personaloppfølging og tett samarbeid med fagmiljø og leiarar internt og eksternt.

Stillinga krev leiarerfaring og helsepersonellutdanning. Vi tilbyr eit fellesskap prega av openheit, konkurransedyktig løn og god offentleg pensjon. Bli ein del av vårt team i ei sentral rolle i klinikken.

Qualifications

  • Helsefagleg utdanning på høgskulenivå, vidareutdanning som intensivsjukepleiar er ein fordel.
  • Relevant leiarutdanning og/eller leiarerfaring er ønskeleg.
  • Erfaring frå samarbeid på tvers av faggrupper og organisatoriske einingar.
  • Klinisk erfaring er ønskeleg.
  • Erfaring med omstillingsprosessar.
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.

Responsibilities

  • Ansvar for dagleg drift av seksjonen innanfor vedtatte rammer
  • Ivareta og vidareutvikle seksjonen i tråd med dei tenestene som intensiv skal levere
  • Sikre oppfølging, ivaretaking og kommunikasjon med dei tilsette
  • Samarbeide tett med andre faggrupper og leiarar internt og eksternt
  • Sikre involvering og samarbeid med tillitsvalde og vernetenesta
  • Aktivt bidra til god ressursstyring og drift i henhald til klinikken og seksjonen sine strategiar og mål
  • Tilrettelegge for, leie og gjennomføre endringsprosessar

Skills

Samarbeid på tvers av faggrupper
Klinisk erfaring
Omstillingsprosessar
Norsk muntleg skriftleg
Analytisk tenkning
Relasjonsbyggar

Education

Helsefagleg utdanning på høgskulenivå
Intensivsjukepleiar
Leiarutdanning
Leiarerfaring

Job description

Seksjonsleiar intensiv KLINIKK VOLDA SJUKEHUS, Helse Møre og Romsdal HF
Om stillinga

Er DU den nye seksjonsleiaren for vår flotte intensivseksjon?

Seksjon for intensiv og dagkirurgi ved Volda sjukehus har om lag 25 årsverk og inkluderer intensiv, overvaking, postoperativ og dagkirurgi.

Vi samarbeidar tett med andre seksjonar på sjukehuset for å levere gode tenester til befolkninga i vårt opptaksområde.

Seksjonsleiar er med i klinikken si leiargruppe og samarbeidar tett med dei andre seksjonsleiarane i Klinikk Volda. Klinikksjef er næraste overordna.

Velkomen til å bli ein del av teamet vårt!

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist 16.11.2026

Arbeidsgivar Helse Møre og Romsdal HF

Stad Volda

Stillingstittel Seksjonsleiar intensiv

Stillingar 1

Heiltid / Deltid Heiltid

Tilsetjingsform Fast

Stillingsprosent 100

Webcruiter-ID 5200518800

Sosial Deling Del på X Del på LinkedIn Del på Facebook Del på e-post

Arbeidsoppgåver
  • Ansvar for dagleg drift av seksjonen innanfor vedtatte rammer
  • Ivareta og vidareutvikle seksjonen i tråd med dei tenestene som intensiv skal levere
  • Sikre oppfølging, ivaretaking og kommunikasjon med dei tilsette
  • Samarbeide tett med andre faggrupper og leiarar internt og eksternt
  • Sikre involvering og samarbeid med tillitsvalde og vernetenesta
  • Aktivt bidra til god ressursstyring og drift i henhald til klinikken og seksjonen sine strategiar og mål
  • Tilrettelegge for, leie og gjennomføre endringsprosessar
Kvalifikasjonar
  • Helsefagleg utdanning på høgskulenivå, vidareutdanning som intensivsjukepleiar er ein fordel
  • Relevant leiarutdanning og/eller leiarerfaring er ønskeleg
  • Erfaring frå samarbeid på tvers av faggrupper og organisatoriske einingar
  • Klinisk erfaring ønskeleg
  • Erfaring med omstillingsprosessar
  • God norsk munnleg og skriftleg fremstillingsevne
Personlege eigenskapar
  • Du er nytenkande og løysingsorientert
  • Du er engasjert og involverande, med evne til å motivere andre
  • Du er analytisk og strategisk
  • Du tenker heilheitleg
  • Du er opptatt av å bygge felles kultur
  • Du har evne til å samarbeide med andre fagområder
  • Du er ein relasjonsbyggar

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr
  • Gode høve til å utvikle deg som leiar i eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Ein spanande leiarjobb i ein seksjon med høgt fagleg nivå og engasjerte medarbeidarar
  • Godt samarbeidsklima og sterkt tverrfagleg samarbeid mellom ulike yrkjesgrupper og fagområder i klinikken
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Volda ligg midt i noko av det vakraste Norge har å by på, omgitt av storslåtte fjordar og majestetiske fjell. På Sunnmøre finn du eit mangfald av naturopplevingar, frå djupe fjordar og vakker kystnatur til grøderike dalar, utfordrande klatreturar og spektakulære toppturar. Regionen byr òg på eit rikt kultur- og idrettsliv, i tillegg til eit levande høgskulemiljø. Frå Ørsta/Volda lufthamn, berre ti minutt frå sjukehuset, er det gode flysamband til resten av landet. Les meir om Volda her.

Adresse: Volda Sjukehus, Kløvertunvegen 1, 6103 Volda, Norge

Kontaktinformasjon

Siv Jensen

Ass. klinikksjef

Telefon: 91108049

E-post: siv.jensen@helse-mr.no

Om arbeidsgivaren

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Vi ønsker leiarar som er synlege, ansvarlege og som forstår at teamarbeid er avgjerande for å lykkast med samfunnsoppdraget. Som leiar må du engasjere og lede an i utviklinga av kultur og identitet i helseføretaket. Vi treng deg som kommuniserer godt, tar ansvar og beslutningar, og som har handlekraft til å drive fram konkrete forbetringar saman med teamet ditt. Vi gir deg opplæring på veien, tilgang på styringsinformasjon og tilbod om utvikling gjennom leiargruppa di - slik at du får utvikle deg som leiar i samsvar med dine eigne og helseføretaket sine forventingar. Tek du utfordringa?

For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Seksjonsleiar intensiv
Seksjonsleiar intensiv

KLINIKK VOLDA SJUKEHUS, Helse Møre og Romsdal HF • Volda

On-site
NOK 1,200,000 - 1,800,000
Leiarutvikling
Spennende leiarjobb
Godt arbeidsmiljø
+2
Seksjonsleiar intensiv
Seksjonsleiar intensiv

Helse Møre og Romsdal HF • Volda

On-site
NOK 900,000 - 1,100,000
Løn etter overeinskomstar
Seksjonsleiar intensiv
Seksjonsleiar intensiv

Siv Jensen • Volda

On-site
NOK 1,100,000 - 1,400,000
Medlemskap i offentleg pensjonsordning
Sjukepleiar
Sjukepleiar

Medisinsk sengepost Volda, Helse Møre og Romsdal HF • Volda

On-site
NOK 520,000 - 650,000
God offentleg pensjonsordning
Fordelaktige forsikringsvilkår
Sjukepleiestudent/helsefagarbeidar
Sjukepleiestudent/helsefagarbeidar

Kirurgisk sengepost Volda, Helse Møre og Romsdal HF • Volda

On-site
NOK 400,000 - 460,000
Sjukepleiar/Spesialsjukepleiar
Sjukepleiar/Spesialsjukepleiar

Poliklinikk BUP Volda, Helse Møre og Romsdal HF • Volda

On-site
NOK 650,000 - 850,000
Sterkt tverrfagleg samarbeid
Inkluderande arbeidsplass
Fagleg utvikling
+1
Operasjonssjukepleiar
Operasjonssjukepleiar

Operasjon Volda, Helse Møre og Romsdal HF • Volda

On-site
NOK 650,000 - 750,000
Inkluderande arbeidsplass
Offentlig pensjonsordning
Forsikringsvilkår
Kjøkkenassistent
Kjøkkenassistent

Helse Midt-Norge RHF • Volda

On-site
NOK 420,000 - 520,000
Offentlig pensjonsordning
Fordelaktige forsikringsvilkår
Sjukepleiar/Spesialsjukepleiar
Sjukepleiar/Spesialsjukepleiar

Central Norway Regional Health Authority • Volda

On-site
NOK 600,000 - 750,000
Sterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Høve til fagleg utvikling
+2
Kjøkkenassistent
Kjøkkenassistent

Central Norway Regional Health Authority • Volda

On-site
NOK 420,000 - 480,000
Medlemskap i offentleg pensjonsordning
Forsikringsvilkår
Top locations