Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Kjøkkenassistenten i Volda tilsettes i 100% fast stilling ved Seksjonen for kjøkken og kantine. Arbeidet inneheld varemottak, matproduksjon, servering og reinhald i kantina på sjukehuset. Produksjonen skjer heile året, og ein stor del av arbeidet går føre seg i eit systematisk kjøkkenmiljø.
Vi søker deg som er serviceinnstilt, ansvarsbevisst og har gode norskkunnskapar. Erfaring frå storkjøkken er ein fordel, og du bør kunne arbeide sjølvstendig i eit tettlag med godt samarbeid.
Er du serviceinnstilt, kvalitetsbevisst og trivast med varierte arbeidsoppgåver? No har du sjansen til å bli ein del av vårt dyktige team!
Vi søkjer ein engasjert kjøkkenassistent i 100 % fast stilling. Hos oss står samarbeid og trivsel i sentrum, og vi lagar dei fleste produkta frå grunnen av. Produksjonsmetoden er hovudsakleg kok-server, og vi tilbyr varierte menyar, catering og spanande arbeidsdagar med rullering av oppgåver. Produksjonen går før seg heile året, 365 dagar.
Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane som byr på alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo fra Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her. - Og her.
Adresse: Volda Hospital, Kløvertunvegen 1, 6103 Volda, Norge
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal