Seksjonsleiar

Forskings- og utviklingsavdelinga (FoU), Helse Bergen HF

Bergen

On-site

NOK 1,100,000 - 1,600,000

Full time

2 days ago
Be an early applicant

A complete application in a minute

Tailored resume and cover letter, ready to send.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Ei utfordrande leiarstilling i eit v
Arbeidsplass sentralt på haukelandsomr
Løn etter avtale
Ei av dei beste pensjonsordningane i .

Job summary

Helse Bergen HF søkjer ny leiar for Seksjon for kompetanseutvikling ved Haukeland universitetssjukehus. Stillinga gir leiaransvar for kompetanseutvikling, utdanning, rekruttering av lærlingar og oppfølging av studentar til vidareutdanning innen sjukepleiefag og legespesialisering.

Du vert ein synleg leiar i Forskings- og utviklingsavdelinga, med hovudoppgåver i å skape rammevilkår for utdanning, samhandling med universitet og høgskular og vidareutvikling av læringsportalar og praksisstøtte.

Qualifications

  • Høgare medisinsk/helsefagleg utdanning på masternivå.
  • Leiarskap og personalleiingserfaring ønskelig.
  • Strategisk utvikling og tverrfagleg prosjektarbeid.
  • Gode kunnskapar om helsevesenet og utdanning.
  • Nettverk lokalt, regionalt og nasjonalt.
  • Kjennskap til seksjonen sitt arbeidsområde.
  • Kjennskap til regionale utdannings- og samarbeidspartnarar.

Responsibilities

  • Ha personaloppfølging, faglege spørsmål og økonomi som del av totalansvaret for Seksjon for kompetanseutvikling.
  • Bidra i strategisk arbeid for utdanning, opplæring og kompetanseutvikling.
  • Bidra til vidareutvikling av system og verktøy for utdanning, opplæring og kompetanseutvikling.
  • Bidra til god samhandling med universitet og høgskular, kommunar, fylke, direktorat, Helse Vest RHF og andre sjukehus i Helse Vest.
  • Vere nettverksbyggjar for å posisjonere utdanning og kompetanseutvikling ved Haukeland universitetssjukehus og i Helse Vest.
  • Delta i leiinga av Forskings- og utviklingsavdelinga.

Skills

Ledelse
Strategisk planlegging
Tverrfaglig arbeid
Kommunikasjon
Nettverk
Organisasjonsforståelse

Education

Mastergrad i medisin/helsefag

Job description

Vi tilbyr

Utdanning av helsepersonell og opplæring av pasientar og pårørande er to av dei fire hovudoppgåvene ved Helse Bergen HF, Haukeland universitetssjukehus, saman med pasientbehandling og forsking. Klinikknær utdanning og opplæring er nødvendig for all pasientbehandling. Det er òg nødvendig for å utvikle tenestene i tråd med endra behov og nye metodar og for å bruke ressursane best mogleg. Som regionsjukehuset i Helse Vest og det nest største sjukehuset i landet har vi eit viktig ansvar på desse områda.

Vi søkjer ny leiar for Seksjon for kompetanseutviklingSom seksjonsleiar bidreg du til at sjukehuset til kvar tid har tilstrekkeleg og rett kompetanse til å løyse samfunnsoppdraget. Du får ei sentral rolle i å skape gode rammevilkår for utdanning og opplæring ved Haukeland universitetssjukehus og i Helse Vest.

Seksjon for kompetanseutvikling er ei av fem einingar i Forskings- og utviklingsavdelinga, som støttar opp under kjerneverksemda i sjukehuset. Internt har seksjonen eit utstrekt samarbeid med dei kliniske einingane, andre stabseiningar og dei andre einingane i avdelinga. Eksternt har seksjonen eit godt samarbeid med universitet og høgskular, kommunar, fylke, direktorat, Helse Vest RHF og dei andre sjukehusa i regionen. Seksjonen har rundt 30 medarbeidarar med høg og differensiert kompetanse og bakgrunn frå mellom anna medisin og helsefag. Hovudarbeidsområda er å planleggje, gjennomføre, evaluere og forbetre kompetanseutviklingstiltak. Innan utdanning har seksjonen ansvar for rekruttering og oppfølging av lærlingar, rekruttering og administrativ oppfølging av studentar til vidareutdanning innan sjukepleiefag og overordna fagleg tilrettelegging for legar i spesialisering del 1. Seksjonen støttar òg sjukehuset i samarbeidet og samhandlinga med universitet og høgskular om praksisutdanningane innan medisin og helsefag og i tilrettelegginga for klinisk praksis i sjukehuset. Seksjonen har systemansvar for Læringsportalen og Kompetanseportalen og driftar Senter for simulering og ferdigheitstrening og Lærings- og meistringssenteret ved sjukehuset. I tillegg er seksjonen ofte involvert i lokale og regionale prosjekt og program som skal støtte kompetanseutvikling. Seksjonen har fleire faste regionale oppgåver, mellom anna ansvar for Regionalt utdanningssenter for legar (RegUt) og sekretariatet for regionalt samarbeidsorgan for utdanning.

Som seksjonsleiar er du medlem av leiargruppa i Forskings- og utviklingsavdelinga og rapporterer til fagdirektør. Du deltek aktivt i leiargruppa og bidreg til at heile avdelinga lukkast. Du er ein pådrivar for gode rammevilkår for utdannings- og opplæringsaktivitetar i sjukehuset og elles i Helse Vest. I samhandlinga med klinikkane er du open, lyttande og serviceinnstilt. Overfor eksterne samarbeidspartar representerer du sjukehuset på ein synleg og konstruktiv måte.
Vi søkjer ein utviklingsorientert og strategisk leiar med genuin interesse for utdanning, opplæring og kompetanseutvikling. Du held oversikt og set mål og delmål. Gjennom dialog støttar du prioriteringar, samhandling og effektive arbeidsformer som gjer at vi når måla. Engasjementet ditt er retta mot å leggje til rette for kompetanseutvikling til beste for pasientbehandlinga ved Haukeland universitetssjukehus og sjukehusa i Helse Vest.

Arbeidsoppgåver
  • Ha ansvar for personaloppfølging, faglege spørsmål og økonomi som del av totalansvaret for Seksjon for kompetanseutvikling
  • Bidra i strategisk arbeid for utdanning, opplæring og kompetanseutvikling
  • Bidra til vidareutvikling og forbetring av system og verktøy for å understøtte utdanning, opplæring og kompetanseutvikling
  • Bidra til god samhandling med universitet og høgskular, kommunar, fylke, direktorat, Helse Vest RHF og andre sjukehus i Helse Vest
  • Vere nettverksbyggjar for å posisjonere utdanning, opplæring og kompetanseutvikling ved Haukeland universitetssjukehus og i Helse Vest
  • Delta i leiinga av Forskings- og utviklingsavdelinga
Kvalifikasjonar
  • Høgare medisinsk/helsefagleg eller anna relevant utdanning på masternivå
  • Erfaring frå arbeid i sjukehus er ønskeleg
  • Leiarkompetanse og erfaring frå personalleiing
  • Erfaring frå strategi- og forbetringsarbeid og tverrfagleg prosjektarbeid
  • Kjennskap til arbeidsområda i seksjonen
  • God innsikt i utviklingstrekk innan helsetenesta og i utdanningsområdet
  • Relevant og godt nettverk lokalt, regionalt og nasjonalt
Personlege eigenskapar
  • Synleg, involverande og motiverande leiar som set tydeleg retning for samfunnsoppdraget
  • Strategisk og analytisk med god organisasjonsforståing
  • Kommuniserer godt munnleg og skriftleg og bidreg til engasjement, samhandling og samarbeid
  • Arbeider planmessig og målretta og har god gjennomføringskraft
  • Er open for endringar og finn fleksible og innovative løysingar på tvers av fag, einingar og institusjonar
Vi tilbyr
  • Ei utfordrande leiarstilling i eit godt arbeidsmiljø med eit viktig samfunnsoppdrag
  • Arbeidsplass sentralt på haukelandsområdet
  • Løn etter avtale
  • Ei av dei beste pensjonsordningane i landet
Kontaktinformasjon
Marta Ebbing,Fagdirektør,90153890
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5009BERGEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5211295553
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.12.2026
Kontaktperson for stillingen

Fagdirektør

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Vil du vere med å vidareutvikle kvinnehelsetenestene i Helse Fonna?
Vil du vere med å vidareutvikle kvinnehelsetenestene i Helse Fonna?

Annelin Voraa Steinsnes • Haugesund

On-site
NOK 1,000,000 - 1,400,000
Pensjonsordning
Yrkesskadeforsikring
Gruppe livsforsikring
+2
Vil du vere med å vidareutvikle kvinnehelsetenestene i Helse Fonna?
Vil du vere med å vidareutvikle kvinnehelsetenestene i Helse Fonna?

Føde- og gynekologisk avdeling, Haugesund sjukehus • Haugesund

On-site
NOK 1,200,000 - 1,800,000
Pensjonsordning
Yrkesskadeforsikring
Gruppelivsforsikring
+2
Rådgivar
Rådgivar

Forskings- og utviklingsavdelinga (FoU), Helse Bergen HF • Bergen

On-site
NOK 700,000 - 900,000
Løn etter avtale
Vil du leie Barne- og ungdomsavdelinga inn i ei ny tid?
Vil du leie Barne- og ungdomsavdelinga inn i ei ny tid?

Barne- og ungdomsavdeling, Haugesund sjukehus • Haugesund

On-site
NOK 900,000 - 1,200,000
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Lønn etter avtale
Sentral leiarstilling i sterkt fagmilj
+1
Rådgivar
Rådgivar

Kari Britt Hagen • Bergen

On-site
NOK 550,000 - 750,000
Løn etter avtale
Opplæring i aktuelle arbeidsoppgåver
Dyktige kollegaer
Vil du leie Barne- og ungdomsavdelinga inn i ei ny tid?
Vil du leie Barne- og ungdomsavdelinga inn i ei ny tid?

John Conrad Brandsø • Haugesund

On-site
NOK 1,000,000 - 1,300,000
Pensjonsordninger
Forsikring
Stor leiarstilling
+2
Klinikkleiar
Klinikkleiar

Divisjon psykisk helsevern/ Klinikk sikkerheitspsykiatri, Helse Bergen HF • Bergen

On-site
NOK 1,400,000 - 1,900,000
Gode moglegheiter for personleg og fag
Løn etter avtale
Fagsjef innovasjon og utvikling
Fagsjef innovasjon og utvikling

Martina Hansen Hospital • Jong

On-site
NOK 1,200,000 - 1,600,000
Faglig utvikling
Gode pensjonsordninger
Fleksibel arbeidstid
Seksjonsleder
Seksjonsleder

Jonette Alm Ellingsen • Tønsberg

On-site
NOK 1,200,000 - 1,800,000
Lederutviklingsprogram
KLP pensjonsordning
Gruppelivsforsikring
+2
Faglig Rådgiver Ambulansetjenesten
Faglig Rådgiver Ambulansetjenesten

Ambulansetjenesten, Helse Stavanger HF • Stavanger

On-site
NOK 700,000 - 1,000,000
Top locations