Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Bremanger kommune i Vestland fylke søkjer sakshandsamar til barneverntenesta. Du blir ein del av eit fagmiljø som støttar kvarandre og arbeider målretta for trygge oppvekstvilkår for barn, ungdom og familiar.
Stillinga er fast 100% og krev utarbeiding av planar og tiltak, sakshandsaming i tråd med gjeldande lovverk, og deltaking i tverrfagleg samarbeid; kommunen tilbyr bustad- og barnehagehjelp og eit godt arbeidsmiljø med yttarleg utviklingsmoglegheiter.
Har du lyst på ein jobb der du verkeleg kan gjere ein forskjell for barn, ungdom og familiar? I barneverntenesta i Bremanger kommune har vi no ledig ei fast 100% stilling som sakshandsamar, og vi håpar du vil bli ein del av laget vårt.
Hos oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du møter menneske i ulike livssituasjonar. Du blir del av eit fagmiljø som samarbeider tett, støtter kvarandre og jobbar målretta for å gi barn og familiar tryggleik, utvikling og gode rammer.
Som sakshandsamar i barnevernet møter du menneske i sårbare situasjonar, og difor er det viktig at du er ein person som skapar tryggleik rundt deg. Du møter barn, ungdom og familiar med respekt, varme og eit ope sinn, og du klarer å halde roen også når situasjonane er uoversiktlege eller krevjande. Du er god til å lytte, men også tydeleg når det trengst, og du klarer å balansere omsorg med fagleg vurderingsevne.
Du jobbar strukturert og målretta, og du har evne til å sjå både detaljar og heilskap. Samarbeid er ein stor del av kvardagen, så du trivst med å jobbe tett saman med andre fagpersonar – samtidig som du står støtt i sjølvstendige vurderingar. Du er fleksibel, løysingsorientert og har mot til å ta dei vanskelege samtalane når det er nødvendig.
Bremanger kommune har fleire gode ordningar for deg som ønskjer å busette deg her:
Har du lyst til å bu tett på havet og naturen, i eit samfunn der det er godt å leve?
Bremanger kommune ligg ved kysten av Vestland fylke og har rundt 3.500 innbyggjarar. Her får alle barn gratis barnehageplass, og kommunen legg stor vekt på trygge og gode oppvekstvilkår. Kulturlivet og idrettsmiljøet er ope for både barn og vaksne, og naturen inviterer til eit aktivt friluftsliv, enten du er glad i fjellturar, sjøliv eller rolege stunder ute.