A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Bremanger kommune søkjer lærar til vaksenopplæring, med fokus på norsk og samfunnskunnskap for vaksne deltakarar i Svelgen og Kalvåg. Stillinga er eit vikariat frå 01.12.26 til 20.09.27, og du vil bidra til språkutvikling og deltaking i samfunnet.
Du blir ein viktig del av eit inkluderande fagmiljø som hjelper menneske med ulik bakgrunn å meistre kvardagen, få tilgang til utdanning og arbeid, og skape nye moglegheiter for familiane deira.
Vil du vere med å opne dører til arbeid, utdanning og deltaking i samfunnet?
Vi søkjer etter lærar til vaksenopplæringa, der undervisninga er knytt til norsk og samfunnskunnskap for vaksne deltakarar i Svelgen og Kalvåg. Stillinga er eit vikariat frå 01.12.26 - 20.09.27
Som lærar hos oss får du ei viktig rolle i å hjelpe menneske med ulik bakgrunn til å utvikle språkferdigheiter, forstå samfunnet dei lever i og skape nye moglegheiter for seg sjølve og familiane sine. Du blir ein del av eit inkluderande fagmiljø som arbeider for at alle skal få dei verktøya dei treng for å meistre kvardagen og delta aktivt i arbeids- og samfunnsliv.
Vi ønskjer oss ein lærar som er fagleg trygg, relasjonssterk og som ser verdien av mangfald.
Vi legg vekt på at du:
Bremanger kommune har fleire gode ordningar for deg som ønskjer å busette deg her:
Les meir om ordningane på https://bremanger.kommune.no/rekrutteringstiltak/
I tillegg får du:
Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear!
Gro Bakke Abildsnes,Kommunalsjef oppvekst, kultur og fritid,+47 97167462
Postboks 104
6721Svelgen
Arbeidsgivar: Bremanger kommune
Referansenr.: 5200893598
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.12.2026
Sluttdato: 17.09.2027
Søknadsfrist: 24.11.2026
Gro Bakke Abildsnes
Kommunalsjef oppvekst, kultur og fritid