A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Stad kommune søkjer sakshandsamar i barnevernstenesta. Vikariatet er 100% og går frå dags dato til 30.06.2027 med kontor- og oppmøtestad på Stad rådhus i Nordfjordeid.
Einingsleiar Britt Remme leier avdelinga og står som kontaktperson. Arbeidsoppgåver varierer frå meldinger til undersøkingar og tiltak, med fleksibel arbeidstid og mogelegheit for oppstart som vert vurdert i søknadsprosessen.
Stad kommune har ledig 100 % vikariat som sakshandsamar i barnevernstenesta frå dags dato til 30.06.2027. Kontor- og oppmøtestad er på Stad rådhus, Nordfjordeid.
Stad barnevernsteneste består av engasjerte og kompetente medarbeidarar som arbeider for å sikre barn og unge trygge oppvekstvilkår. Vi legg vekt på fagleg kvalitet, samarbeid og utvikling, og tilbyr eit inkluderande arbeidsmiljø og fagleg støtte.Barnevernstenesta er ein del av kommunalområdet oppvekst.
Vi har felles barnevernsvakt med Gloppen og Stryn kommunar.
Vi ønskjer snarleg tiltreding i stillinga. Moglegheit for oppstart vil kunne bli tillagt vekt i den samla vurderinga av søkjarane.
Avhengig av kompetanse/erfaring hos den som vert tilsett, kan både sakshandsaming etter barnevernslova i høve melding, undersøking, hjelpetiltak og omsorgstiltak, samt miljøterapeutisk arbeid/rettleiing i familiar, vere aktuelle arbeidsoppgåver.
Arbeidstida er hovudsakleg måndag - fredag 08.00 - 15.30, men du må pårekne noko arbeid ut over alminneleg kontortid for å treffe familiane når dei er tilgjengelege.
Som tilsett i barnevernstenesta er det viktig at du
Vi ber om at søkjarar lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden. Politiattest skal leverast før start i stillinga. Vi ber også om at søkjarar opplyser om relevante referansar av nyare dato.
Stad kommune har 6 måneder prøvetid.
Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Britt Remme,Einingsleiar barnevern,+47 95 07 88 76,britt.remme@stad.kommune.no
Rådhusvegen 11
6770Nordfjordeid
Arbeidsgivar: Stad kommune
Referansenr.: 5192014824
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 25.10.2026