A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Stad kommune har ledig eit 100% vikariat som sakshandsamar i barnevernstenesta. Arbeidet går frå dags dato til 30.06.2027, og kontor-/oppmøtestaden er Stad rådhus, Nordfjordeid. Vi søker deg som kan arbeide tett med barn og familiar for å sikre trygge oppvekstvilkår.
Vi vektleggj fagleg kvalitet, samarbeid og utvikling, og tilbyr eit inkluderande arbeidsmiljø med fagleg støtte. Start vil kunne påverke samla vurdering av søkjarane.
Stad kommune har ledig 100 % vikariat som sakshandsamar i barnevernstenesta frå dags dato til 30.06.2027. Kontor- og oppmøtestad er på Stad rådhus, Nordfjordeid.
Stad barnevernsteneste består av engasjerte og kompetente medarbeidarar som arbeider for å sikre barn og unge trygge oppvekstvilkår. Vi legg vekt på fagleg kvalitet, samarbeid og utvikling, og tilbyr eit inkluderande arbeidsmiljø og fagleg støtte.Barnevernstenesta er ein del av kommunalområdet oppvekst.
Vi ønskjer snarleg tiltreding i stillinga. Moglegheit for oppstart vil kunne bli tillagt vekt i den samla vurderinga av søkjarane.
Arbeidstida er hovudsakleg måndag - fredag 08.00 - 15.30, men du må pårekne noko arbeid ut over alminneleg kontortid for å treffe familiane når dei er tilgjengelege.
Vi ber om at søkjarar lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden. Politiattest skal leverast før start i stillinga. Vi ber også om at søkjarar opplyser om relevante referansar av nyare dato.
Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!