A complete application in a minute — tailored resume and cover letter, ready to send.
Helse Møre og Romsdal HF i Ålesund søkjer ein Saksbehandar/Reiseplanleggar som vil planleggje og koordinere pasientreiser i samsvar med pasientreiseforskrifta. Du vil gje rettleiing og støtte til pasientar og rekvirentar, og bidra i arbeidet med å utvikle seksjonen.
Stillinga er 100% fast og 100% vikariat, med fokus på brukarstøtte, transportkoordinering og oppfølgjing av leverandørar. Ein inkluderande arbeidsplass og eit sterkt tverrfagleg samarbeid ventar.
Helse Møre og Romsdal HF
Ålesund
Om stillinga
Vil du vere med og gjere ein forskjell for pasientar i Møre og Romsdal? Seksjon for pasientreiser i Ålesund har ledige stillingar. Ei 100% fast stilling, samt eit 100% vikariat, som saksbehandlar/reiseplanleggar.
Vi ser etter deg som er strukturert, lyttande og engasjert – og som trivst med å jobbe i eit inkluderande fellesskap. Du vil få ei viktig rolle i å planlegge og koordinere pasientreiser, gi rettleiing og støtte til pasientar og rekvirentar, og bidra til at reiseopplevinga blir så god som mogleg.
Interne omrokkering kan gje andre ledige stillingar.
Pasientreiser er ein del av Klinikk for prehospitale tenester, og består av Bil- og båtambulanse, AMK-sentralen (113), Luftambulanse og Pasientreiser. Seksjonen består av om lag 20 årsverk, og vi samarbeider tett for å sikre trygg og effektiv transport for pasientar til og frå behandling.
Sjå her for meir informasjon om prehospitale tenester!
Nøkkelinformasjon
27.09.2026
Saksbehandlar/Reiseplanleggar
2
Heiltid
Fast, Vikariat
100
12.10.2026
01.01.2028
Personleg eignaheit for stillinga vert vektlakt ved tilsetting.
Ålesund Sykehus, Åsehaugen 5, 6017 Ålesund, Norge
Seksjonsleiar
E-post: esben.magnell@helse-mr.no
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.