Enable job alerts via email!
En ny skole i foten av fjellene søker en engasjert rektor til en 100% fast stilling. Som leder av Måndalen skule vil du ha ansvar for utviklingen av skolen og skape et inkluderende miljø for ca. 100 elever. Vi ser etter en kreativ leder som ønsker å jobbe i naturskjønne omgivelser. Tilbyr et støttende arbeidsmiljø og mulighet for lederutdanning. Søk elektronisk til personal@rauma.kommune.no.
Stilling
Måndalen skule er ny, moderne og omgitt av fjord og fjell – og no treng vi ein engasjert rektor i 100 % fast stilling!
Om jobben:
Du får leie ein skule med ca. 100 elevar og 18 tilsette, og blir ein viktig del av utviklinga av Raumaskulen. Her får du varierte dagar, mykje ansvar og gode folk rundt deg.Du kan lese meir om skulen vår her:Måndalen skule - Rauma kommune
Klar for å bli med på laget? Vi gler oss til å høyre frå deg!
Søknad
Rauma kommune tek kun imot elektroniske søknadar. Søkjerettleiing:Søkerveiledning - Rauma kommune eller personal@rauma.kommune.no .
Det er viktig at du tek deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller, og registrerer/oppdaterer CV`enmed utdanning og kompetanse i søknadsskjemaet. Last opp aktuelle attestar og vitnemål i PDF format.
Merk at opplysningar kan gjerast offentlege sjølv om du har bede om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste. Du vil då bli varsla, om ønsket om reservasjon ikkje vert teke til følgje, jf.Offentleglova.
Tilsetting
Tilsetting skjer i høve til gjeldande lovar, reglement og avtaleverk, òg når det gjeld medlemskap i pensjonsordning.Avlønning etter sentral Hovudtariffavtale ut frå kvalifikasjonar og ansiennitet.
Velkommen til verdas beste kommune for naturglade menneske! Hos oss kan du både ha ein givande jobb og ei aktiv fritid. Du har kort veg til naturopplevingar uansett kvar du oppheld deg i kommunen. Kommunesenteret Åndalsnes ligg innan 1-2 timars køyretur til Molde og Ålesund lufthamn, og Raumabanen gjer at du kan reise miljøvenleg med tog til Rauma. Kommunen har eit bredt og framoverlent næringsliv og satsar aktivt på turisme og gode opplevingar for alle. Kjende turistmål som Trollstigen, Romsdalseggen, Rampestreken og Romsdalsgondolen finn du her, og vi har eit spanande og variert kulturliv med Rauma kulturhus som motor. Norsk fjellfestival, Trollveggen Triathlon og Rauma Rock er tre av folkefestane som skaper liv og røre. Velkommen til naturgledekommunen Rauma!