Don’t send a generic resume — generate a resume and cover letter tailored to this exact role.
Vikse skule i Sveio kommune søkjer ein rektor/einingsleiar til å leie skulen og vidareutvikle pedagogisk og administrativt arbeid. Skulen ligg med ca. 14 km frå Haugesund sentrum, og har seks klassar på 1.–7.
trinn, til saman 82 elevar. Du blir del av skulens leiargruppe og får ei sentral rolle i å drive og vidareutvikle skulen fagleg, pedagogisk og organisatorisk. Saman med dei andre skulane i Sveio arbeider Vikse skule etter kvalitetsutviklingsplanen, med fokus på praktisk og variert opplæring
Sveio kommune lyser ut ei spennande stilling som rektor/einingsleiar ved Vikse skule.
Vikse skule ligg om lag 14 km frå Haugesund sentrum. Inneverande skuleår har skulen seks klassar på 1.–7. trinn, med til saman 82 elevar.
Som rektor ved Vikse skule får du leie ein barneskule i ein krins i utvikling, saman med 19 dyktige og motiverte medarbeidarar. Du blir ein del av skuleleiargruppa i kommunen og får ei sentral rolle i å drive og vidareutvikle skulen både fagleg, pedagogisk og organisatorisk.
Saman med dei andre skulane i Sveio arbeider Vikse skule i tråd med satsingsområda i kommunen sin kvalitetsutviklingsplan. Skulen har eit aktivt utviklingsarbeid med vekt på praktisk og variert opplæring, mellom anna gjennom bruk av uteområde og nærmiljø. To-lærar i norsk, matematikk og engelsk skal styrkje den tilpassa opplæringa og bidra til at flest mogleg elevar får eit inkluderande tilbod i klassen. Skulen satsar òg på lesing, varierte læremiddel og utprøving av valfag på mellomsteget for å fremje elevmedverknad og samarbeid på tvers av trinn.
Vi søkjer rektor / einingsleiar som
byggjer tillit, skaper engasjement og bidreg til ein felles kultur for læring og utvikling
Personleg eignaheit vil bli vektlagd
Andre opplysningar:
Godkjent politiattest må leggjast fram før ein tek til i stilling
Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden.
Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland.