Get a reply from this employer — a resume and cover letter tailored to exactly what they’re hiring for.
Sykkylven kommune søkjer ein trygg og engasjert avdelingsleiar til Sørestyranda skule/SFO. Stillinga omfattar dagleg leiing, drift og vidareutvikling av SFO, med tett samarbeid med rektor og lærarar.
Krav om pedagogisk utdanning på minimum bachelornivå og relevant skule-/SFO-erfaring. God digital kompetanse og nynorsk må kunne brukast i arbeidshandsamingen.
Vi har ledig 100 % fast stilling som avdelingsleiar ved Sørestyranda skule/SFO. Tiltreding etter avtale.
Sørestranda skule har for tida om lag 80 elevar, og 38 born nyttar SFO. Vi søkjer ein trygg, strukturert og engasjert avdelingsleiar som ønskjer å bidra til eit inkluderande, trygt og godt skule- og SFO-miljø.
Dette er ei variert avdelingsleiarstilling med ansvar for å skape god samanheng mellom skuledagen og SFO. Du arbeider tett på elevane i skuletida og har ansvar for dagleg leiing, drift, organisering og vidareutvikling av SFO. Stillinga kombinerer pedagogisk arbeid, koordinering av medarbeidarar og administrative oppgåver.
Arbeidsoppgåvene er for tida fordelte med om lag 60 % arbeid i skulen og 40 % arbeid knytt til SFO. Du er avdelingsleiar i heile stillinga. Stillinga følgjer ordinær arbeidstid, og du må vere tilstades både i skuletida og SFO-tida. Du samarbeider tett med rektor, som er din næraste leiar. Rektor har personalansvaret for dei tilsette.
Det er krav om:
Leiarerfaring og kjennskap til relevante administrative system er ein fordel.
Vi ser etter deg som
Personleg eignaheit vil bli tillagd stor vekt ved tilsetjinga.
Vi ønskjer eit større mangfald i personalgruppa. Menn er underrepresenterte ved skulen og blir oppmoda om å søkje.
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak fra offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Vitnemål og attestar
Vi ber om at søkjarar legg ved relevante vitnemål og attestar.
Knut Orre,Rektor / Einingsleiar,99522440,knut.orre@sykkylven.kommune.no
Ikornnesvegen 15
6222Ikornnes
Arbeidsgivar: Sykkylven kommune
Referansenr.: 5164708604
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.09.2026