Enable job alerts via email!
En kommunal skole i Eikefjord søker en rektor med pedagogisk ansvar og ledererfaring. Stillingen er 100% fast, med ansvar for læringsmiljø og samarbeid med ulike parter. Stillingen krever godkjent utdanning for grunnskolen og tilleggsutdanning innen administrasjon. God samarbeidsevne og engasjement for elevens læring er essensielt. Tiltredelse er fra 01.01.2026, med søknadsfrist 26.10.2025.
Kinn kommune har ledig 100% fast stilling som rektor/tenesteleiar ved Eikefjord barne- og ungdomsskule. Stillinga er ledig frå 01.01.2026. Leiinga ved skulen består av rektor og inspektør. Rektors næraste leiar er kommunalsjef for oppvekst og undervisning.
Eikefjord barne- og ungdomsskule ligg i Eikefjord, ein tettstad i Kinn kommune. Skulen er ein framtidsretta og moderne skule, med gangavstand til varierte naturområde som kan nyttast i opplæringa. Frå Eikefjord er det 28 km til Florø by. Hausten 2025 har skulen 143 elevar fordelt på 1.–10. årstrinn, og 30 tilsette. Skulen har også SFO-tilbod med 43 elevar.
Skulen arbeider med norsk målform nynorsk og har lærarar med god utdanning i alle fag. Skulen er teamorganisert og jobbar i profesjonsfaglege læringsfellesskap til beste for elevane si læring.
Rektor har som tenesteleiar pedagogisk, administrativt og økonomisk ansvar innanfor tildelte rammer, og personalansvar for skulen sine tilsette. Som rektor skal du:
Rektor deltek og bidreg i nettverk med andre barnehage- og skuleleiarar.
Vi søkjer ein person med:
Vi søkjer ein:
Det vil bli lagt stor vekt på personleg eigna. Søkjarar oppmodast om å uttrykke eigne tankar om leiarrolla i søknaden.
Ei spennande og utfordrande stilling i ein kystby med tilgang til varierte kultur- og naturopplevingar. Fagleg leiarfellesskap med andre leiarar i oppvekstsektoren. Hyggjeleg arbeidsmiljø med høg kompetanse og engasjerte kollegaer. Støtteapparat på kommunalt nivå. Gode pensjons- og forsikringsordningar. Lønn etter avtale.
Arbeidstakar vert tilsett i Kinn kommune etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, inkludert pliktig medlemskap i pensjonskasse (STP). Prøvetida er 6 månader. Stillinga er unntatt arbeidstidsbestemmelser iht. arbeidsmiljølova § 10-12, og som kompensasjon har tenesteleiar 7 fridager pr år, eller tilsvarande daglønner. Tilsetting føreset godkjend politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader. Tuberkuloseattest i henhold til forskrift.
Offentleg søkjarliste – Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å bli unntatt offentlegheit. Kinn kommune vil varsle søkjarar som har bedt om unntak frå offentlegheit. Dersom det ikkje kan imøtekomast (offentligheitslova §25), vil det gå fram i den offentlege søkjarlista kor mange søkjarar det er til stillinga og kva for kjønn dei søkjarane har.
Runa Nybakk, kommunalsjef for oppvekst og undervisning, +47 48282533
Hovlandsvegen 5, 6940 Eikefjord
Arbeidsgivar: Kinn kommune
Referansenr.: 5021507482
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.10.2025
Vår visjon: I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17 403 innbyggjarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. Alle stillingar knytta til helse og velferd og oppvekst-området krev koordinering av ansvar.