Eine vollständige Bewerbung in einer Minute
Maßgeschneiderter Lebenslauf und Anschreiben – versandbereit.
Høgskulen på Vestlandet søker ein engasjert rådgjevar/seniorkonsulent til Avdeling for økonomi, i Bergen, Sogndal, Haugesund eller Stord. Stillinga fokuserer på å drive digitalisering i UH-sektoren og implementere effektive løysingar som støttar utdanning, forsking og administrasjon.
Du vil vere med i prosjekt innan digitalisering, automatisering og KI, analysere arbeidsprosessar og identifisere forbetringsområde, og utvikle digitale løysingar som gagnar heile høgskulen.
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
HVL si Avdeling for økonomi er leia av økonomi- og arealdirektør, som har det overordna ansvaret for området. Til det ligg ansvaret for HVL si samla økonomifunksjon, arealforvalting, drift og prosjektoppfølging. Til området ligg også verksemdsstyring og internrevisjon.
Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for økonomi, har ledig ei 100 % fast stilling som rådgjevar/seniorkonsulent
Vi søkjer ein engasjert og framtidsretta medarbeidar som vil vere med på å drive digitalisering i universitets- og høgskulesektoren. Stillinga inngår i vårt arbeid med å utvikle og implementere løysingar for automatisering og effektivisering av prosessar som støttar utdanning, forsking og administrasjon.
Arbeidsstaden er campus Bergen, Sogndal, Haugesund eller Stord.
Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, stillingskode 1363- seniorkonsulent eller stillingskode 1434- rådgjevar