A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Høgskulen på Vestlandet (HVL) avdeling for kommunikasjon har ledig vikariat i 100% stilling som kommunikasjonsrådgjevar. Vi søkjer ein medarbeidar som likar varierte kommunikasjonsoppgåver og er nysgjerrig på nye digitale løysingar.
Du vil produsere, publisere og vedlikehalde innhald i HVL sine kanalar, arbeide med webarbeid, internkommunikasjon og studentrekruttering, og delta i ulike kommunikasjonsoppgåver i samarbeid med heile organisasjonen. Erfaring frå sosiale medium vert eit pluss.
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Avdeling for kommunikasjonhar ansvar for å leggje til rette for at HVL blir ein synleg og attraktiv institusjon både regionalt, nasjonalt og internasjonalt, og sørgje for ein effektiv kommunikasjon internt og eksternt.
Vi ser etter ein medarbeidar som likar å jobbe med eit spekter av varierte kommunikasjonsoppgåver i ein stor organisasjon. Du er nysgjerrig på nye digitale løysingar og er opptatt av stadige forbetringar innan kommunikasjonsfeltet.
Stillinga ligg til Avdeling for kommunikasjon ved Høgskulen på Vestlandet og er eit vikariat i 100 % stilling.
Kommunikasjonsrådgjevaren vil arbeide med eit breitt spekter av oppgåver i kommunikasjonsavdelinga, særleg innan webarbeid, internkommunikasjon og studentrekruttering. Du vil mellom anna produsere, publisere og vedlikehalde innhald i HVL sine kanalar og ta del i ulike kommunikasjonsoppgåver i samarbeid med den øvrige organisasjonen. Det er ønskeleg med god kjennskap til produksjon av innhald til sosiale medium.
Stillinga som kommunikasjonsrådgiverer løna etter Statens lønnsregulativ, i stillingskode 1434 - Rådgjevar.
Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften. Forskrifta kan komme til anvendingi behandlinga av søknadane.
Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endrasom følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.