Receba uma resposta desta empresa empregadora
Seu currículo e carta de apresentação personalizados exatamente para o que estão contratando.
Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap, leitar etter ein nyoppretta fast studierettleiar som blir ein del av studieadministrasjonen. Du får ansvaret for rettleiing i studieadministrative saker og variert saksbehandling ved campus Bergen, Haugesund eller Sogndal.
Du må ha masternivå, relevant praksis og sterk IT-kompetanse (FS, Canvas, Public360). Gode kunnskapar i nynorsk/bokmål og engelsk er nødvendig, og du vil vere ein del av eit 20-personars team.
Bjørnsonsgate 45, 5528 Haugesund, Inndalsveien 28, 5063 Bergen, Røyrgata 6, 6856 Sogndal
Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap har ledig fast 100 % stilling som rådgiver (studierettleiar)
Om stillinga:
Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap, har ledig ein nyoppretta fast stilling som studierettleiar i studieadministrasjonen med tiltreding ved årsskifte eller etter avtale.
Stillinga som studierettleiar er ein del av fakultetet sin studieadministrasjon på 20 personar og næraste leiar er studieadministrativ leiar. Studieadministrasjonen på fakultetet er lokalisert på fire av HVL sine fem campus og den som blir tilsett kan ha arbeidsstad ved campus Bergen, Haugesund eller Sogndal.
Samhandling med til dømes eksterne partnere, oppdragsgjevarar, andre einingar ved HVL
Andre relaterte ansvarsområde og arbeidsoppgåver kan også vere aktuelle
Ønskede kvalifikasjoner:
Personlege eigenskapar:
Du som vert tilsett må
Personlege eigenskapar som er naudsynt for stillinga, vil bli vektlagde
Stillinga som rådgiverer løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgiver.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Vi gjer merksam på at unntak fra den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsladersomønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå eibalansert alders- og kjønnssamansetjing ogrekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og holi CV.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften. Forskrifta kan komme til anvendingi behandlinga av søknadane.
Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endrasom følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.
BakgrunnssjekkFor aktuelle stillingar gjennomfører HVL bakgrunnssjekk av søkjarar i samarbeid med ekstern leverandør for å verifisere opplysningar som går fram av tilgjengelege dokument. Bakgrunnssjekk skjer alltid med samtykke frå kandidaten, og tilsetjing i desse stillingane føreset gjennomført bakgrunnssjekk. Aktuelle søkjarar vil få nærare informasjon om dette.
Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.
Nestleder, Jorunn Skei
E-post: Jorunn.Skei@hvl.no
Les meir på våre heimesider.
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 16 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi,samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar, ulike årsstudium og eit bredt spekter av vidareutdanninger.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivretta profil.
Høgskulen på Vestlandet