A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Høgskulen på Vestlandet søker ein avdelingsleiar til Avdeling for Informasjonsteknologi og -tenester. Stillinga er sentral i HVLs arbeid med digitalisering og KI, og leiar fire underordna einingar.
Du må ha leiaraerfaring og høg utdanning, samt god kjennskap til digitale tenester og innovasjon. Arbeidsoppgåvene inkluderer personal, budsjettdisponering og kontakt med einingar nasjonalt og internasjonalt.
Høgskulen på Vestlandet
Stillingstittel Avdelingsleiar for avdeling Informasjonsteknologi og -tenester
Vi søkjer etter ein engasjert avdelingsleiar med stor motivasjon for å vidareutvikle avdelinga og ta ei sentral rolle i HVL sitt arbeid med digitalisering og KI.
Avdelinga er i dag på vel 50 fast tilsette og 14 lærlingar. Avdelinga er i noko vekst. Avdelingsleiar er leiarstilling på nivå 3, i linja til Organisasjonsdirektør. Avdelingsleiar vil vere næraste overordna til fire einingsleiarar på nivå 4, som har personalansvar for tilsette og fagansvar for tenesteområda lagt til deira einingar.
Dei fire einingane i avdelinga har slik arbeidsdeling:
Avdelinga er det sentrale faglege miljøet for utvikling og drift av digitale tenester og digital infrastruktur i HVL. Avdelingsleiar vil ha eit heilskapleg ansvar for tenesteområda lagt til avdelinga, og utviklinga av avdelinga. Desse tenestene skal støtte, og i visse tilfelle vere tett integrerte i forsking, undervisning og innovasjon.
Det inneber at avdelingsleiar har ansvar for medarbeidar- og tenesteutvikling, budsjett, og arbeidsmiljø og HMS i avdelinga. Avdelingsleiar skal også ivareta ekstern kontakt med nasjonale tenesteleverandørar, samarbeidspartnarar regionalt, nasjonalt og internasjonalt.
Avdelingsleiar har ei sentral rolle i arbeidet med å realisere HVL sin ambisjon om klok digitalisering. Det vil seie å sikre moderne, trygge og effektive digitale tenester for heile samfunnsoppdraget vårt, i ei tid med betydeleg uvisse knytt til teknologival. Avdelingsleiar skal ta initiativ til, delta i eller rådgje om institusjonelle investeringar i digitalisering og kunstig intelligens. Avdelingsleiar skal samarbeide med andre einingar i HVL om bruk av faglege ressursar i digitaliseringsprosessar, og arbeide tett med prorektor for regional utvikling og nyskaping som har det strategiske ansvaret for digitalisering og KI i HVL.
Vi søkjer etter ein engasjert avdelingsleiar med stor motivasjon for å videreutvikle avdelinga og ta ei sentral rolle i HVL sitt arbeid med digitalisering og KI.

Mynde i avdelingsleiarstillinga er delegert frå Organisasjonsdirektør og avdelingsleiar rapporterer til organisasjonsdirektør.
For aktuelle stillingar gjennomfører HVL bakgrunnssjekk av søkjarar i samarbeid med ekstern leverandør for å verifisere opplysningar som går fram av tilgjengelege dokument. Bakgrunnssjekk skjer alltid med samtykke frå kandidaten, og tilsetjing i desse stillingane føreset gjennomført bakgrunnssjekk. Aktuelle søkjarar vil få nærare informasjon om dette.
Stillinga som Avdelingsleiarer løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1060 - Avdelingsdirektør.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Vi gjer merksam på at unntak fra den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsladersomønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå eibalansert alders- og kjønnssamansetjing ogrekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og holi CV.
Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften. Forskrifta kan komme til anvendingi behandlinga av søknadane.
Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endrasom følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.
1)Organisasjonsdirektør Tage Båtsvik, 53 49 14 05, tage.batsvik@hvl.no
Les meir på våre heimesider.
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 16 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Avdeling for Informasjonsteknologi og -tenester (ITT) er organisert i fellesadministrasjonen, og er organisert med fire einingar: Brukarretta tenester, System og infrastruktur, Informasjonsforvaltning og -sikkerheit og Digital tenesteutvikling.