A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Høgskulen på Vestlandet (HVL) leitar etter to vitenskaplege stillingar ved campus Haugesund for vernepleieutdanninga. Stillingane omfattar undervisning, rettleiing og fagleg utviklingsarbeid i eit nyoppretta fagmiljø.
Søkjarar bør ha doktorgrad eller tilsvarande kompetanse, samt autorisasjon som vernepleiar. Prosjektet byggjer opp eit miljø knytt til vernepleie ved campus Haugesund, i samarbeid med Bergen og Sogndal.
Stillinganeer knytttil Fakultet for helse- og sosialvitskap, Institutt for velferd og deltaking.
Stillinganeer i hovudsak knytttil bachelorutdanninga, men ein må og rekne med undervisnings- og rettleiingsoppgåverpå andre studietilbod i instituttet.
Det må påreknast noko reiseverksemd til andre campus.
Arbeidsstad er ved campus Haugesund.
Vi søkar etter to vitskaplege stillingar på deltidsutdanninga bachelor i vernepleie ved campus Haugesund. Vernepleiarutdanninga har fått tildelt nye studieplassar knytt til deltidsutdanninga, og første opptak er hausten 2027. Tildelinga av nye studieplassar medfører at det skal byggjast opp eit fagmiljø knytt til vernepleie ved campus Haugesund. Dei to nytilsette vil ha ei viktig rolle i det arbeidet i samarbeid med andre fagtilsette ved vernepleiarutdanningane i Bergen og Sogndal. Oppbygginga skal skje over tre år.
Kriterium for tilsetjing i stilling som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulektor fremgår av Forskrift til universitets- og høyskoleloven
Førsteamanuensis
For å innfri kvalifikasjonskrav til førsteamanuensis vert det kravd minst:
Søkjarar må ha relevant profesjonsutdanning på masternivå eller tilsvarande kompetanse.
Førstelektor
For å innfri kvalifikasjonskrav til førstelektor vert det kravd minst:
Søkere bør fortrinnsvis ha autorisasjon som vernepleiar.
Høgskulelektor
For å innfri kvalifikasjonskrav til universitets- og høgskulelektor vert det kravd minst:
a. høgare grads eksamen eller tilsvarande innan relevant fagområde
d. relevant yrkes- eller undervisningserfaring
Søkjarar må fortrinnsvis ha profesjonskompetanse og norsk autorisasjon som vernepleiar. Andre relevante profesjonsutdanningar vil og bli vurderte. Søkjarar må normalt ha karakter A eller B på masteroppgåva. Erfaring, kompetanse og forskingsarbeid kan kompensere for karakterkravet. Interesse og motivasjon for å oppnå førstekompetanse vert vektlagt.
For alle stillinger vert det kravd:
Ønskte kvalifikasjonar
Personlege egenskaper:
Utdanningsfagleg kompetanse
Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med Kvalifikasjonskrav til utdanningsfaglig basiskompetanse for ansettelse, opprykk og overgang ved HVL - Høgskulen på Vestlandet .
Søkjarar som ved tilsetting ikkje fyller krava, må fylle deiinnan to år.
Stillingasomførsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor er lønnaetter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 førsteamanuensis/1198 førstelektor/1008 høgskulelektor.
Fråløna blir dettrekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Vi gjer merksam på at i tråd medoffentleglova,kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentlegsjølv om søkjaren har bedeom å ikkjebli oppført påsøkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom førespurnad om unntak for offentleggjeringikkje vert tekentil følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunneit personalpolitisk mål å oppnå eibalansert alders- og kjønnssamansetting og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn,nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvendingi behandlingen av søknadane.
For aktuelle stillinger gjennomfører HVL bakgrunnssjekk av søkere i samarbeid med ekstern leverandør, for å verifisere opplysninger som framgår av tilgjengelige dokumenter. Bakgrunnssjekk skjer alltid med kandidatens samtykke, og ansettelse i disse stillingene forutsetter gjennomført bakgrunnssjekk. Aktuelle søkere vil motta nærmere informasjon om dette.
1) Assisterande instituttleiar Vigdis Reisæter, tlf. 57 67 76 32
2) Instituttleiar Øyvind Reehorst Kalsås, tlf. 55 58 71 18