Rådgivar

Sør-Vest politidistrikt

Ølen

On-site

NOK 420,000 - 520,000

Full time

2 days ago
Be an early applicant
Application generator

Get a reply from this employer — a resume and cover letter tailored to exactly what they’re hiring for.

Get past ATS filters

Job summary

Sør-Vest politidistrikt søkjer ein rådgivar ved Etne og Vindafjord politistasjon. Vikariatet varer til 01.12.2027, med moglegheit for forlenging. Hovudarbeidsstad er Ølen, men reise til Sauda og Suldal kan vere nødvendig.

Kvalifikasjonar inkluderer god dugleik i dataverktøy og erfaring frå kundeservice og offentleg forvaltning. Du må vere skikka for teneste, ha plettfri vandel og kunne bidra til eit inkluderande arbeidsmiljø.

Qualifications

  • Dette må du ha for å vere kvalifisert: God dugleik i bruk av dataverktøy.
  • Erfaring frå kundeservice og offentleg forvaltning.

Responsibilities

  • Handtere og utføre forkynninga.
  • HR-oppgåver som utarbeiding av arbeidsavtalar mv.
  • Utføre andre gjeremål og oppgåver som til ei kvar tid høyrer til ved driftseininga

Skills

Dataverktøy
Kundeservice

Job description

Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar

Me ser etter ein motivert person som er interessert i mennesket og som vil yte god service overfor publikum. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, kommunikasjonsevner, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet.

Vidare søker vi etter deg som til ei kvar tid opptrer profesjonelt og fungerer som ein god ambassadør for politiet gjennom dine haldningar og handlingar i det daglege arbeidet. Evna til å være trygg, nærverande, lyttande og å bygge tillit hos publikum, er avgjerande for suksess i vår organisasjon. I vår vurdering av kandidatar er blant anna dette no vi vil legge vekt på, samt evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.

Om stillinga

Det er ledig vikariat som rådgivar ved Etne og Vindafjord politistasjon. Vikariatet varer til 01.12.2027, med moglegheit for forlenging. Sjøl om hovedarbeidstad er Ølen, så må den ansatte være forberedt på å reise til lokasjonene i Sauda og Suldal ved behov. Pr. dags dato er det 30 medarbeidere på heile driftseiniga Sauda/Suldal/Etne/Vindafjord.

Som rådgivar hos oss må du ha gode kommunikasjonsevner. Du vil få ansvar for spesifikke arbeidsoppgåver som passhandsaming mv, men du må også være fleksibel og bidra inn der det er behov. Eit godt arbeidsmiljø er "ferskvare", og me tenkjer at dette er noko me må jobbe med kvar dag. Me jobbar for at kvar einskild medarbeidar skal oppleve utvikling i jobbkvardagen.

Me er på jobb for eit trygt Norge. Som ein del av politiets viktige samfunnsoppdrag, skal me forebygge og bekjempe kriminalitet, skape tryggleik og ivareta rettstryggleiken. Me trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søker derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil me gjere vårt beste for å gi deg det du treng.

  • Handtere og utføre forkynninga
  • HR-oppgåver som utarbeiding av arbeidsavtalar mv.
  • Utføre andre gjeremål og oppgåver som til ei kvar tid høyrer til ved driftseininga
Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å være kvalifisert:

  • God dugleik i bruk av dataverktøy
  • Erfaring frå kundeservice og offentleg forvaltning.

Du må ha plettfri vandel og være skikka for teneste for å kunne bli tilsett i politiet. Uttømmande og utvida politiattest skal hentast inn og leggeast fram før eventuell tilsetting. Ved vurderinga av om du er skikka for teneste i politiet, vil det bli innhenta opplysningar om deg frå politiets sine register.

Personlege eigenskapar
  • Sjølvstendig og serviceinnstilt
  • Evne til å sjå heilheit i driftseininga sitt arbeid

Som medarbeidar i politiet har du høgt etisk medvit, du er kjenneteigna ved å være modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om våre etiske retningslinjer og medarbeidarplattform her .

  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir her .
  • Gode arbeidsvilkår (dagtid, fleksibel arbeidstid, trening i arbeidstida)

Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hull i CV-en, er det mogleg å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling.
Det inneber at minst éin søkar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.

Les meir om positiv særbehandling når ein søker jobb i staten her .

Opplysningane du gir, blir brukte til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har anmoda om ikkje å bli ført opp på søkarlisten. Dersom anmodningen ikke blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette.

Sauda og Suldal har administrasjonsstad og tenesteeining i Sauda
kommune og tenestestad i Suldal kommune. Politistasjonsdistriktet dekkjer Sauda kommune med omlag 4.500 innbyggjarar og Suldalkommune med omlag 3.800 innbyggjarar.

Etne og Vindafjord politistasjonsdistrikt har tenesteeining i Ølen i
Vindafjord kommune. Politistasjonsdistriktet dekkjer Vindafjord kommune med omlag 8.800 innbyggjarar og Etne kommune med omlag 4.000 innbyggjarar.

Sauda og Suldal er ein del av indre Ryfylke, Etne og Vindafjord ein del av indre Haugalandet og kan by på flott natur, jakt og fiske og eit aktivt næringsliv. Det går direktebåt til Stavanger og Bergen, og er eit godt busstilbod til Haugesund. Kommunane har eit godt og bredt tenestetilbod til innbyggjarane.

Sør-Vest politidistrikt har ca. 555.000 innbyggjarar fordelt på 29 kommunar. 23 av kommunane ligg i Rogaland, medan 5 kommunar er i Vestland og 1 i Agder fylke. Politidistriktet strekker seg frå Moi og Lund kommune i sør, til Bømlo og Fitjar i nord, og med kommunene Suldal og Sirdal i aust. Sør-Vest politidistrikt er eit mangfaldig distrikt med byar, bygder og tettstader i alle storleikar. Næringslivet er variert. Olje- og gassindustrien står sentralt, saman med jordbruk, fiske, sjøfart og industri av ulike slag. Politidistriktet er prega av svært variert natur, og dette gir gode moglegheiter for rekreasjon, både ved fjord og fjell. Distriktet har eit rikt kulturliv.

Politidistriktet har ca. 1250 tilsette, og har i tillegg til dei ordinære politioppgåvene, eit særskilt ansvar for politioppgåve knytta til kontinentalsokkelen og eit spesielt ansvar for handsaming av sjøfartssaker. Politimeisteren er i tillegg operativ leiar for Hovedredningssentralen for Sør-Norge.

Som medarbeidar i politiet er du kjenneteikna som modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på.

Hovudmålsettinga for distriktet er å møte publikums behov for tryggleik, lov og orden.

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Sør-Øst politidistrikt søker Oppdragsleder
Sør-Øst politidistrikt søker Oppdragsleder

Sør-Øst politidistrikt • Tønsberg

On-site
NOK 617,000 - 754,000
Pensjonsordning i SPK
Gode arbeidsbetingelser
Påtaleseksjonsleder
Påtaleseksjonsleder

Sør-Øst politidistrikt • Skien

On-site
NOK 1,000,000 - 1,200,000
Politibetjenter Ørnes politistasjon
Politibetjenter Ørnes politistasjon

Jim Ragnar Kristiansen • Ørnes - Gárrgonjárrga

On-site
NOK 510,000 - 650,000
Beholdebonus opptil 150 000 kr
Tjenesteordning/IP3 mulighet
Pensjonsordning i SPK
Politibetjent 3/2/1 med funksjon som etterforskar
Politibetjent 3/2/1 med funksjon som etterforskar

Vest politidistrikt • Straume

On-site
NOK 510,000 - 630,000
Pensjonsordning
Dagtidsarbeid
Fleksibel arbeidstid
+1
Seksjonsleder
Seksjonsleder

Sør-Øst politidistrikt • Drammen

On-site
NOK 864,000 - 1,056,000
Pensjonsordninger
Seksjonssjef
Seksjonssjef

Øst politidistrikt • Sæby

On-site
NOK 950,000 - 1,100,000
Statens pensjonskasse
Tenestestadsleiar Høyanger
Tenestestadsleiar Høyanger

Spørsmål om elektronisk søknad/ CV • Høyanger

On-site
NOK 800,000 - 860,000
Pensjonsordning
Førstekonsulent pass og ID Randaberg politistasjon
Førstekonsulent pass og ID Randaberg politistasjon

Sør-Vest politidistrikt • Randaberg

On-site
NOK 458,000 - 560,000
Seksjonsleder
Seksjonsleder

Øyvind Aas • Drammen

On-site
NOK 864,000 - 1,056,000
Gode arbeidsbetingelser
Pensjonsordning i Statens pensjonskass
Teamleder ved Nærpolitiseksjonen, Enhet øst
Teamleder ved Nærpolitiseksjonen, Enhet øst

Arbeidsplassen • Oslo

On-site
NOK 715,000 - 755,000
Trening i arbeidstiden
IA-bedrift
Bedriftshelsetjeneste
+1