Psykologspesialist/psykolog

Helse Fonna HF

Odda

On-site

NOK 650,000 - 900,000

Full time

4 days ago
Be an early applicant

A complete application in a minute

Tailored resume and cover letter, ready to send.

Get past ATS filters

Job summary

Helse Fonna søker psykologspesialist eller psykolog under spesialisering til BUP Stord/Husnes/Odda. Stillinga er 1- års vikariat i 100% stilling og er dagstilling med 37,5 timar per veke.

Du blir ein del av små, tverrfaglege team med tett samarbeid og fokus på fagleg utvikling og kvalitet i arbeidet vårt mot barn og unge (0-18 år).

Responsibilities

  • Rettleiing og formidling av kunnskap internt og eksternt.
  • Som spesialist t.d.: Rettleiing, vurderingar, ansvarleg for pasientar.
  • Erfaring frå eller sterk interesse for BUP
  • Er oppteken av samarbeid og bidreg aktivt til eit positivt arbeidsmiljø
  • viser omtanke og bidreg til å skapa psykososial tryggleik
  • har ei open og løysingsorientert tilnærming til arbeidet
  • har evne til å arbeida strukturert og sjølvstendig

Job description

Vil du vera med å styrka psykisk helsevern for barn og unge?

Ved BUP Stord, Husnes-/Odda kontoret har vi ledig 1-års vikariat i 100% stilling som psykologspesialist/psykolog. Stillinga er dagstilling med 37,5 timar per veke.

Me søkjer ein engasjert psykologspesialist eller psykolog under spesialisering til vårt kontor i Odda evt. Husnes. Hos oss blir du del av små, tverrfaglege team som jobbar tett saman, der både fagleg utvikling og samarbeid står sterkt. Me har faste fagdager der leiing og medarbeidarar saman drøftar og finn løysingar på faglege utfordringar.

Me er ei stabil personalgruppe med god lokal tilknyting, og har solid dekning av psykologar og spesialistar. Det sikrar god støtte og kvalitet i arbeidet vårt. Me legg vekt på fagleg utvikling som tek omsyn til behova hos pasientane og interessene hjå medarbeidarane våre.

BUP Stord gir tenester på spesialistnivå til barn og unge (0-18 år). Opptaksområdet vårt består av 6 kommunar (Stord, Fitjar, Bømlo, Tysnes, Kvinnherad og Ullensvang).

BUP Stord er organisert saman med Stord DPS under felles leiing, og er inndelt i 4 team. Ved poliklinikken er det 25 fagstillingar. Husnes-/Odda kontorer utekontor for BUP Stord som skal gi tilbod til pasientar frå Ullensvang og og Kvinnherad. Det er per i dag tre fagstillingar og ein merkantil med fast kontorstad på Husnes, og 3 fagstillinger ved Odda-kontoret. Alle er knytta til team på BUP Stord. På Stord er det eit breitt tverrfagleg fagmiljø, med god spesialistdekning.

Ønskjer du å kombinera fagleg utvikling med meiningsfullt arbeid for barn og unge? Då vil me gjerne høyra fra deg.
  • Rettleiing og formidling av kunnskap internt og eksternt.
  • Som spesialist t.d.: Rettleiing, vurderingar, ansvarleg for pasientar.
  • Erfaring frå eller sterk interesse for BUP
  • er oppteken av samarbeid og bidreg aktivt til eit positivt arbeidsmiljø
  • viser omtanke og bidreg til å skapa psykososial tryggleik
  • har ei open og løysingsorientert tilnærming til arbeidet
  • har evne til å arbeida strukturert og sjølvstendig
Kvifor skal du velje oss?

Hos oss blir du ein del av eit trygt og engasjert fagmiljø der samarbeid, utvikling og trivsel står i sentrum.

  • Du får høve til å påverka både eigen arbeidskvardag og faglege utvikling.
  • Du blir ein del av små, tverrfaglege team med tett samarbeid og god støtte frå kollegaer.
  • Vi satsar på kompetanseheving gjennom kurs, internundervisning, fagdagar og moglegheiter for forsking.
  • Vi kombinerer høgt fagleg nivå med eit inkluderande og sosialt arbeidsmiljø.
  • Du får løn i samsvar med gjeldande avtale.

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Psykologspesialist/psykolog
Psykologspesialist/psykolog

Allmennpsykiatrisk poliklinikk BUP Stord Sjukehus • Odda

On-site
NOK 700,000 - 900,000
Psykologspesialist/psykolog
Psykologspesialist/psykolog

Ingvild Kaldråstøyl • Odda

On-site
NOK 650,000 - 850,000
Overlege/lege i spesialisering (LIS3)
Overlege/lege i spesialisering (LIS3)

Ingvild Kaldråstøyl • Husnes

On-site
NOK 900,000 - 1,200,000
Overlege/lege i spesialisering (LIS3)
Overlege/lege i spesialisering (LIS3)

Allmennpsykiatrisk poliklinikk BUP Stord • Husnes

On-site
NOK 1,200,000 - 1,800,000
Overlege i psykiatri
Overlege i psykiatri

Helse Stavanger • Norway

Remote
NOK 550,000 - 730,000
Nevropsykolog
Nevropsykolog

Nevropsykologisk poliklinikk, Haugesund sjukehus • Haugesund

On-site
NOK 760,000 - 980,000
Psykolog
Psykolog

Nordlandssykehuset HF • Bø

Remote
NOK 650,000 - 900,000
Pensjons- og forsikringsordninger
Psykolog
Psykolog

Nordlandssykehuset HF • Stokmarknes

On-site
NOK 650,000 - 900,000
Gunstige pensjons- og forsikringsordn.
Spesialisthelsetjenesten
Sosionom
Sosionom

Helse Stavanger • Bergen

On-site
NOK 520,000 - 640,000
Sosionom
Sosionom

Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU), Helse Bergen HF • Bergen

On-site
NOK 520,000 - 700,000
Top locations