Psykologspesialist/Psykolog

Helse Midt-Norge RHF

Ålesund

On-site

NOK 850,000 - 1,000,000

Full time

2 days ago
Be an early applicant

Get a reply from this employer

Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Sterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i god offentleg pensjonsord

Job summary

Psykologspesialist/Psykolog ved DPS Ålesund i Helse Møre og Romsdal HF søkes til fast stilling i nevro-team. Du blir del av eit breitt fagmiljø med kompetanse innan utgreiing og behandling av psykiske lidingar, og får moglegheit til å bidra i utviklinga av framtidsretta behandlingstilbod.

Stillinga har 100% stillingsprosent og krev engasjement for kvalitetsarbeid, tverrfagleg samarbeid og vidareutvikling av pasientforløp. Søkjarar med relevant spesialitet og autorisasjon bli prioritert.

Qualifications

  • Psykologspesialist i klinisk vaksenpsykologi eller klinisk nevropsykologi eller anna relevant spesialitet.
  • Psykolog med autorisasjon og påbegynt spesialisering, eller lisens som er i søknadsprosess.
  • Søkere med erfaring frå psykisk helsevern for vaksne foretrekkes.
  • Søkere som er i siste termin som psykologstudent kan vere aktuelle for vikariat.

Responsibilities

  • Poliklinisk utgreiing, diagnostisering og behandling av psykiske lidingar
  • Differensialdiagnostiske avklaringar knytt til utviklingslidingar
  • Ansvar for eigne pasientforløp med vekt på kvalitet, kontinuitet og pasientmedverknad
  • Samarbeid med pårørande, kommunale tenester og andre relevante samarbeidspartnarar
  • Bidra med psykologfagleg kompetanse i team og fagmiljø
  • Delta i fagutvikling og vidareutvikling av poliklinikken sine behandlingstilbod

Skills

Gode norskkunnskapar

Education

Psykologspesialist i klinisk vaksenpsykologi
Psykologspesialist i klinisk nevropsykologi
Autorisasjon / lisens, påbegynt spesialisering
Psykologstudentar på siste semester

Job description

Psykologspesialist/Psykolog Poliklinikk psykisk helse DPS Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF

Om stillinga

Vi søkjer etter ein engasjert psykologspesialist eller psykolog til fast stilling i vårt nevro-team! Hos oss blir du ein del av eit sterkt fagmiljø med brei kompetanse innan utgreiing og behandling av psykiske lidingar, og får moglegheit til å bidra i utviklinga av eit framtidsretta og innovativt behandlingstilbod. DPS Poliklinikk Ålesund består av sju behandlingsteam; eit gruppebehandlingsteam, eit ROP-team, eit tidleg avklaringsteam og fire allmennteam med ulik fagleg profil. Allmennteama omfattar to generalistteam, eit traumeteam og eit nevro-team. Dette gir høve til både breidde og fordjuping i klinisk arbeid. Stillinga er knytt til nevro-team. Hos oss blir du del av eit aktivt og utviklingsorientert fagmiljø med brei terapeutisk kompetanse. Vi arbeider mellom anna med intensiv dynamisk korttidsterapi (ISTDP), emosjonsfokusert terapi (EFT), kognitiv åtferdsterapi (CBT), EMDR og Prolonged Exposure (PE), og legg til rette for fagleg utvikling gjennom samarbeid, rettleiing og kompetansedeling på tvers av team. Vi er opptekne av kontinuerleg utvikling av behandlingstilbodet. Vi arbeider og med å etablere B4DT (fire dagars behandling) for angstlidingar. Vi ser på moglege løysinger innen eBehandling og har satt i gang dette no i haust. Poliklinikkane innan psykisk helsevern i Helse Møre og Romsdal har også teke i bruk kunstig intelligens som støtte i journalskriving, med gode erfaringar.

Hos oss møter du eit inkluderande fagmiljø med høg kompetanse. Vi har 17 spesialistar innan psykologi og psykiatri, eit godt etablert rettleiingstilbod og stor interesse for fagutvikling og innovasjon. Vi legg vekt på stabile og samanhengande pasientforløp. Derfor søkjer vi medarbeidarar som ønskjer å vere ein langsiktig del av eit godt arbeidsmiljø, som er opptekne av relasjonsbygging, samarbeid og kvalitet i pasientbehandlinga. Vi ønskjer å vere ein arbeidsplass der medarbeidarar kan utvikle seg gjennom heile karrieren. Hos oss møter du eit sterkt tverrfagleg fagmiljø der psykologar, psykologspesialistar, legar, sjukepleiarar, vernepleiarar, sosionomar og andre faggrupper arbeider tett saman for å gi best mogleg behandling. Kombinasjonen av brei pasientportefølje, høg spesialistkompetanse, ulike terapeutiske retningar og eit aktivt fagfellesskap gir gode moglegheiter for både fagleg fordjuping, læring på tvers av profesjonar og videre utvikling. Ved intern omrokkering kan vikariat bli aktuelt.

Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist

06.12.2026

Arbeidsgivar

Helse Møre og Romsdal HF

Stad

Ålesund

Stillingstittel

Psykologspesialist/Psykolog

Stillingar

1

Heiltid / Deltid

Heiltid

Tilsetjingsform

Fast

Stillingsprosent

100

Arbeidsoppgåver
  • Poliklinisk utgreiing, diagnostisering og behandling av psykiske lidingar
  • Differensialdiagnostiske avklaringar knytt til utviklingslidingar
  • Ansvar for eigne pasientforløp med vekt på kvalitet, kontinuitet og pasientmedverknad
  • Samarbeid med pårørande, kommunale tenester og andre relevante samarbeidspartnarar
  • Bidra med psykologfagleg kompetanse i team og fagmiljø
  • Delta i fagutvikling og vidareutvikling av poliklinikken sine behandlingstilbod
Kvalifikasjonar
  • Psykologspesialist i klinisk vaksenpsykologi, klinisk nevropsykologi eller anna relevant spesialitet
  • Psykolog med autorisasjon og påbegynt spesialisering
  • Psykolog med lisens med snarleg påvente av autorisasjon også velkomen til å søkje
  • Psykologstudentar på siste semester er velkomen til å søkje, og kan vere aktuell for vikariat
  • Erfaring frå psykisk helsevern for vaksne og poliklinisk arbeid er ønskjeleg
  • Erfaring frå arbeid i habiliteringstenesta kan vere nyttig i stillinga
  • Erfaring med tverrfagleg samarbeid og koordinering av pasientforløp vil bli vektlagt
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
Personlege eigenskapar
  • Har gode kliniske vurderingsevner og høg fagleg integritet
  • Skaper tillit og gode terapeutiske relasjonar
  • Bidreg til stabile og samanhengande pasientforløp
  • Tek ansvar og arbeider sjølvstendig med eigne behandlingsforløp
  • Samarbeider godt med kollegaer og bidreg positivt til arbeidsmiljøet
  • Har interesse for fagutvikling og nye arbeidsformer innan psykisk helsevern
  • Ønskjer å vere ein aktiv bidragsytar i eit etablert fagfellesskap

Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt ved tilsetting.

Vi tilbyr
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.

Adresse: Geilebergvegen 20, 6017 Ålesund, Norge

Kontaktinformasjon

Inger-Lise Bråthen

Konstituert seksjonsleiar

E-post: Inger-Lise.Brathen@helse-mr.no

Om arbeidsgivaren

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt ein lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Psykologspesialist/Psykolog
Psykologspesialist/Psykolog

Helse Møre og Romsdal HF • Ålesund

On-site
NOK 700,000 - 900,000
Psykologspesialist/Psykolog
Psykologspesialist/Psykolog

Poliklinikk psykisk helse DPS Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF • Ålesund

On-site
NOK 700,000 - 900,000
Sterkt tverrfagleg samarbeid
Inkluderande arbeidsplass
Løn etter overeinskomstar
+1
Psykolog
Psykolog

Poliklinikk BUP Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF • Ålesund

On-site
NOK 600,000 - 800,000
Pensjonsordning
Forsikringsvilkår
Sjukepleiar/spesialsjukepleiar
Sjukepleiar/spesialsjukepleiar

Helse Midt-Norge RHF • Ålesund

On-site
NOK 520,000 - 720,000
Sterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
+1
Overlege psykiatri
Overlege psykiatri

Helse Midt-Norge RHF • Ålesund

On-site
NOK 900,000 - 1,100,000
Sterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Overlege psykiatri
Overlege psykiatri

Døgnbehandling psykisk helse DPS Vegsund, Helse Møre og Romsdal HF • Ålesund

On-site
NOK 1,200,000 - 1,600,000
Sterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
+1
Sjukepleiar/spesialsjukepleiar
Sjukepleiar/spesialsjukepleiar

Central Norway Regional Health Authority • Ålesund

On-site
NOK 540,000 - 720,000
Tverrfagleg samarbeid
Inkluderende arbeidsplass
Løn etter overeinskomstar
+3
Overlege psykiatri
Overlege psykiatri

Central Norway Regional Health Authority • Ålesund

On-site
NOK 1,200,000 - 1,600,000
Sterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
+1
Sjukepleiar/vernepleiar
Sjukepleiar/vernepleiar

Avrusing rusbehandling TSB Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF • Ålesund

On-site
NOK 520,000 - 640,000
God offentleg pensjonsordning
Fordelaktige forsikringsvilkår
Psykolog
Psykolog

Helse Møre og Romsdal HF • Ålesund

On-site
NOK 680,000 - 800,000
Top locations