Psykologspesialist/Psykolog

Poliklinikk psykisk helse DPS Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF

Ålesund

On-site

NOK 700,000 - 900,000

Full time

3 days ago
Be an early applicant

Get a reply from this employer

Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Sterkt tverrfagleg samarbeid
Inkluderande arbeidsplass
Løn etter overeinskomstar
Offentleg pensjonsordning og forsikrng

Job summary

Poliklinikk Ålesund i Helse Møre og Romsdal HF søkjer ein engasjert psykologspesialist eller psykolog til fast stilling i nevro-teamet. Du blir ein del av eit sterkt fagmiljø som arbeider med eit breitt spekter av kliniske tilbod innan psykisk helsevern og nevropsykologi.

Stillinga krev autorisasjon eller påbegynt spesialisering, og erfaring frå psykisk helsevern for vaksne er ønskjeleg. Det ligg stor vekt på samarbeid, kontinuerleg fagutvikling og høg kvalitet i pasientforløp.

Qualifications

  • Krav til autorisasjon som psykolog og påbegynt spesialisering.
  • Erfaring frå psykisk helsevern for vaksne og poliklinisk arbeid er ønskjeleg.
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
  • Evne til tverrfagleg samarbeid og koordinering av pasientforløp.

Responsibilities

  • Poliklinisk utgreiing, diagnostisering og behandling av psykiske lidingar.
  • Differensialdiagnostiske avklaringar knytt til utviklingslidingar.
  • Ansvar for eigne pasientforløp med vekt på kvalitet og pasientmedverknad.
  • Samarbeid med pårørande og kommunale tenester.
  • Bidra med psykologfagleg kompetanse i teamet og fagmiljøet.
  • Delta i fagutvikling og vidareutvikling av poliklinikken sine behandlingstilbod.

Education

Psykolog med autorisasjon og påbegynt spesialisering
Psykologspesialist i klinisk vaksenpsykologi/klinisk nevropsykologi
Psykologstudentar på siste semester
Erfaring frå psykisk helsevern for vaksne
Erfaring frå arbeid i habiliteringstenesta
Tverrfagleg samarbeid/god kommunikasjon

Job description

Vi søkjer etter ein engasjert psykologspesialist eller psykolog til fast stilling i vårt nevro-team!


Hos oss blir du ein del av eit sterkt fagmiljø med brei kompetanse innen utgreiing og behandling av psykiske lidingar, og får moglegheit til å bidra i utviklinga av eit framtidsretta og innovativt behandlingstilbod. DPS Poliklinikk Ålesund består av sju behandlingsteam; eit gruppebehandlingsteam, eit ROP-team, eit tidleg avklaringsteam og fire allmennteam med ulik fagleg profil. Allmennteama omfattar to generalistteam, eit traumeteam og eit nevro-team. Dette gir høve til både breidde og fordjuping i klinisk arbeid. Stillinga er knytt til nevro-team.


Hos oss blir du del av eit aktivt og utviklingsorientert fagmiljø med brei terapeutisk kompetanse. Vi arbeider mellom anna med intensiv dynamisk korttidsterapi (ISTDP), emosjonsfokusert terapi (EFT), kognitiv åtferdsterapi (CBT), EMDR og Prolonged Exposure (PE), og legg til rette for fagleg utvikling gjennom samarbeid, rettleiing og kompetansedeling på tvers av team. Vi er opptekne av kontinuerleg utvikling av behandlingstilbodet. Vi arbeider og med å etablere B4DT (fire dagars behandling) for angstlidingar. Vi ser på moglege løysinger innan eBehandling og har satt i gang dette no i haust. Poliklinikkane innan psykisk helsevern i Helse Møre og Romsdal har også teke i bruk kunstig intelligens som støtte i journalskriving, med gode erfaringar.


Hos oss møter du eit inkluderande fagmiljø med høg kompetanse. Vi har 17 spesialistar innan psykologi og psykiatri, eit godt etablert rettleiingstilbod og stor interesse for fagutvikling og innovasjon. Vi legg vekt på stabile og samanhengande pasientforløp. Derfor søkjer vi medarbeidarar som ønskjer å vere ein langsiktig del av eit godt arbeidsmiljø, som er opptekne av relasjonsbygging, samarbeid og kvalitet i pasientbehandlinga.


Vi ønskjer å vere ein arbeidsplass der medarbeidarar kan utvikle seg gjennom heile karrieren. Hos oss møter du eit sterkt tverrfagleg fagmiljø der psykologar, psykologspesialistar, legar, sjukepleiarar, vernepleiarar, sosionomar og andre faggrupper arbeider tett saman for å gi best mogleg behandling. Kombinasjonen av brei pasientportefølje, høg spesialistkompetanse, ulike terapeutiske retningar og eit aktivt fagfellesskap gir gode moglegheiter for både fagleg fordjuping, læring på tvers av profesjonar og videre utvikling.
Ved intern omrokkering kan vikariat bli aktuelt.


Arbeidsoppgåver


  • Poliklinisk utgreiing, diagnostisering og behandling av psykiske lidingar

  • Differensialdiagnostiske avklaringar knytt til utviklingslidingar

  • Ansvar for eigne pasientforløp med vekt på kvalitet, kontinuitet og pasientmedverknad

  • Samarbeid med pårørande, kommunale tenester og andre relevante samarbeidspartnarar

  • Bidra med psykologfagleg kompetanse i team og fagmiljø

  • Delta i fagutvikling og videreutvikling av poliklinikken sine behandlingstilbod


Kvalifikasjonar


  • Psykologspesialist i klinisk vaksenpsykologi, klinisk nevropsykologi eller anna relevant spesialitet

  • Psykolog med autorisasjon og påbegynt spesialisering

  • Psykolog med lisens med snarleg påvente av autorisasjon også velkomen til å søkje

  • Psykologstudentar på siste semester er velkomen til å søkje, og kan vere aktuell for vikariat

  • Erfaring frå psykisk helsevern for vaksne og poliklinisk arbeid er ønskjeleg

  • Erfaring frå arbeid i habiliteringstenesta kan vere nyttig i stillinga

  • Erfaring med tverrfagleg samarbeid og koordinering av pasientforløp vil bli vektlagt

  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar


Personlege eigenskapar


  • Har gode kliniske vurderingsevner og høg fagleg integritet

  • Skaper tillit og gode terapeutiske relasjonar

  • Bidreg til stabile og samanhengande pasientforløp

  • Tek ansvar og arbeider sjølvstendig med eigne behandlingsforløp

  • Samarbeider godt med kollegaer og bidreg positivt til arbeidsmiljøet

  • Har interesse for fagutvikling og nye arbeidsformer innan psykisk helsevern

  • Ønskjer å vere ein aktiv bidragsytar i eit etablert fagfellesskap


Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt ved tilsetting.


Vi tilbyr


  • Sterkt tverrfagleg samarbeid

  • Ein inkluderande arbeidsplass

  • Løn etter gjeldande overeinskomstar

  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår


Vi ber om attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.


Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.


Kontaktinformasjon

Inger-Lise Bråthen,Konstituert seksjonsleiar, Inger-Lise.Brathen@helse-mr.no


Arbeidsstad

Geilebergvegen 20
6017Ålesund


Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5211798649
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.12.2026


Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak fra offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Psykolog
Psykolog

Poliklinikk BUP Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF • Ålesund

On-site
NOK 600,000 - 800,000
Pensjonsordning
Forsikringsvilkår
Psykologspesialist/Psykolog
Psykologspesialist/Psykolog

Helse Midt-Norge RHF • Ålesund

On-site
NOK 850,000 - 1,000,000
Sterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
+1
Lege i spesialisering, Fysikalsk medisin og rehabilitering
Lege i spesialisering, Fysikalsk medisin og rehabilitering

FYSIKALSK MEDISIN OG REHABILITERING, Helse Møre og Romsdal HF • Ålesund

On-site
NOK 800,000 - 1,000,000
Rabattavtaler på treningssenter og sp0
Offentlig pensjonsordning
Fordelaktige forsikringsvilkår
Overlege psykiatri
Overlege psykiatri

Helse Midt-Norge RHF • Ålesund

On-site
NOK 900,000 - 1,100,000
Sterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Sjukepleiar/vernepleiar
Sjukepleiar/vernepleiar

Avrusing rusbehandling TSB Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF • Ålesund

On-site
NOK 520,000 - 640,000
God offentleg pensjonsordning
Fordelaktige forsikringsvilkår
Helsesekretær/Sekretær
Helsesekretær/Sekretær

Kontor medisin Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF • Ålesund

On-site
NOK 450,000 - 540,000
Sterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
+1
Sjukepleiar
Sjukepleiar

Medisinsk sengepost 1 / Medisinsk poliklinikk Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF • Ålesund

On-site
NOK 550,000 - 680,000
Godt arbeidsmiljø
Faglunsj og fagdag
Undervisning ved lungpoliklinikken
+2
Overlege psykiatri
Overlege psykiatri

Døgnbehandling psykisk helse DPS Vegsund, Helse Møre og Romsdal HF • Ålesund

On-site
NOK 1,200,000 - 1,600,000
Sterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
+1
Lege i spesialisering, Rus- og avhengigheitsmedisin
Lege i spesialisering, Rus- og avhengigheitsmedisin

TSB legar, Helse Møre og Romsdal HF • Ålesund

On-site
NOK 900,000 - 1,100,000
Rettleiing av overlegar
Variert teneste
Tverrfagleg samarbeid
+3
Psykologspesialist/Psykolog
Psykologspesialist/Psykolog

Helse Møre og Romsdal HF • Ålesund

On-site
NOK 700,000 - 900,000
Top locations