Psykolog

Helse Møre og Romsdal HF

Ålesund

On-site

NOK 680,000 - 800,000

Full time

3 days ago
Be an early applicant

Get a reply from this employer

Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.

Get past ATS filters

Job summary

Poliklinikken i Ålesund (BUP) søkjer to psykologar i 100% faste stillingar med tiltredjing snarest. Arbeidet er knytt til generalistteamet eller akutt ambulant team og inngår i eit breitt fagmiljø som gir relevante behandlingstilbod til barn og unge, og til dei nærmaste familiane deira.

Kvalifikasjonar: krav om norsk språk, erfaring frå spesialisthelsetenesta og politiattest før tilsetting. Nytta av bakgrunn frå arbeidet med barn, familiar og unge med rusproblem eller utviklingsvanskar blir

Qualifications

  • Krav om å meistre norsk språk, munnleg og skriftleg.
  • Erfaring frå arbeid i spesialisthelsetenesta, gjerne med små barn og unge.
  • Politiattest må leggast fram før tilsetting.

Responsibilities

  • Poliklinisk utgreiing, diagnostisering og behandling av barn og ungdom med psykiske lidingar (av moderat til alvorleg grad).
  • Rettleiing og samarbeid med kommunal helseteneste, PPT og barnevern.

Skills

Norsk språk
Spesialisthelsetjenesteerfaring
Interesse for barn og unge

Job description

Poliklinikken (BUP) i Ålesund har to 100% stillingar for psykolog!

Arbeidet er tilknytta generalistteam eller evt akutt ambulant team med tiltredelse frå snarast.

Poliklinikken i Ålesund (BUP) er samlokalisert med akutt sengepost/døgnseksjon og har eit breitt samansett og spanande fagmiljø som gir differensierte behandlingstilbod til barn og unge, og familiane deira. Personalet på poliklinikken er samansett av fleire yrkesgrupper og er organisert i tverrfaglege geografisk organiserte team.

I tillegg til generalistteam har vi eit akutt ambulant team. Vi har etablerte ressursgrupper som mellom anna gir tilbod om spesialisert OCD-og angstbehandling (mellom anna med ein 4-dagars behandlingsmodell), eit spanande fagmiljø for gruppebehandling, sped- og småbarn, samt at vi innehar spesialisert kompetanse for barn og ungdom med eteforstyrringar, psykoser og traumer.

Vi legg vekt på god kontakt og tett samarbeid med førstelinetenesta, noko som betyr at rettleiingsoppgåver for denne gruppa er ei forventa arbeidsoppgåve.

  • Poliklinisk utgreiing, diagnostisering og behandling av barn og ungdom med psykiske lidingar (av moderat til alvorleg grad) og funksjonsforstyrringar
  • Rettleiing og samarbeid med våre samarbeidsinstansar (kommunal helsetjeneste, PPT, barnevern osv.)
Kvalifikasjonar
  • God erfaring frå arbeid i spesialisthelsetenesta, og gjerne med interesse for arbeid med små barn, unge med rusproblematikk, eventuelt også for nevroutviklingsforstyrringar (autisme, ADHD m.v.)
  • Krav om å meistre norsk språk, både munnleg og skriftleg
  • Politiattest må leggast fram før tilsetting
Personlege eigenskapar
  • Du har stor arbeidskapasitet og evne til å strukturere eigen arbeidskvardag innafor avtalt arbeidstid
  • Du er fagleg engasjert, fleksibel og løysningsorientert

Å vere personleg eigna vert vektlagd ved tilsetting

  • Vi har høg grad av fagleg spesialisert kompetanse og tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass som verdsetter fagleg engasjement
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak fra offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Overlege psykiatri
Overlege psykiatri

Helse Møre og Romsdal HF • Ålesund

On-site
NOK 900,000 - 1,150,000
Sjukepleiar/spesialsjukepleiar
Sjukepleiar/spesialsjukepleiar

Helse Møre og Romsdal • Gujorda

On-site
NOK 540,000 - 720,000
Sjukepleiar/spesialsjukepleiar
Sjukepleiar/spesialsjukepleiar

Helse Møre og Romsdal HF • Ålesund

On-site
NOK 520,000 - 700,000
Psykolog
Psykolog

Poliklinikk BUP Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF • Ålesund

On-site
NOK 600,000 - 800,000
Pensjonsordning
Forsikringsvilkår
Sjukepleiar
Sjukepleiar

Kirurgisk sengepost A, Helse Møre og Romsdal HF • Ålesund

On-site
NOK 420,000 - 520,000
Helsesekretær/Sekretær
Helsesekretær/Sekretær

Helse Møre og Romsdal • Ålesund

On-site
NOK 420,000 - 540,000
Helsesekretær/Sekretær
Helsesekretær/Sekretær

Helse Nord-Trøndelag • Ålesund

On-site
NOK 420,000 - 520,000
Lege i spesialisering, Fysikalsk medisin og rehabilitering
Lege i spesialisering, Fysikalsk medisin og rehabilitering

Helse Møre og Romsdal HF • Ålesund

On-site
NOK 900,000 - 1,300,000
Lege i spesialisering, Fysikalsk medisin og rehabilitering
Lege i spesialisering, Fysikalsk medisin og rehabilitering

FYSIKALSK MEDISIN OG REHABILITERING, Helse Møre og Romsdal HF • Ålesund

On-site
NOK 800,000 - 1,000,000
Rabattavtaler på treningssenter og sp0
Offentlig pensjonsordning
Fordelaktige forsikringsvilkår
Lege i spesialisering innan barne- og ungdomsmedisin
Lege i spesialisering innan barne- og ungdomsmedisin

Helse Møre og Romsdal HF • Ålesund

On-site
NOK 900,000 - 1,100,000
Top locations