Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Helse Bergen Hf i Bergen søkjer psykolog til poliklinikken i Engenhuset. Stillinga inngår i eit tverrfagleg team og inneber utgreiing, behandling og rettleiing av pasientar med rus- og avhengigheitsproblem som del av Rus- og avhengigheitsklinikken.
Frå 4. januar 2027 vert stillinga ledig. Søkjar må vere autorisert psykolog med gode norskkunnskapar og evne til å arbeide sjølvstendig og i team. Vi tilbyr eit inkluderande IA-bedrift, god pensjon og utviklingsmoglegheiter.
Vi har ledig ei vikariatstilling for psykolog i Rus- og avhengigheitsklinikken sin poliklinikk i Engenhuset.
Poliklinikken i Engenhuset har eit solid og unikt fagmiljø i nasjonal og internasjonal samanheng. Vi arbeider metodisk og systematisk med behandling gjennom vekentleg tverrfagleg rettleiing i team, og samarbeider med fleire solide forskningsmiljø. Rettleiinga går føre seg i team beståande av psykologspesialist og psykolog, spesialist i rusmedisin, psykiater, sosionom og vernepleiar. Sektorteamet har tett samarbeid med Betanien og Voss DPS, i tillegg til mellom anna primærhelsetjenesta. Vi har nyleg utvikla eBehandling for pengespelavhengigheit, og skal også ta i bruk eBehandling for alkoholavhengigheit.
Poliklinikken held sentralt til i heilt nye sentrale lokaler i Håkonsgaten 1 saman med fleire andre seksjoner i Rus- og avhengigheitsklinikken. Det er kort avstand til kollektivtransport. I poliklinikken er det 36 tilsette, av desse er 13 psykologspesialistar, 6 psykologar og 5 legar. Den tverrfaglege bemanninga består elles av erfarne sosionomar, spesialsjukepleiarar, vernepleiarar og musikkterapeut, samt merkantilt tilsette. Ein sosionom i kvart team tek ansvar for sosialfaglege oppgåver, slik at terapeutane kan ha hovudfokus på terapi og endringsprosessar. I tillegg samarbeider teama med jobbkonsulentar (IPS), som har fokus på å hjelpe pasientar som ønskjer det inn i ordinært, lønna arbeid.
Stillinga er ledig frå 4. januar 2027.
Vi oppfordrer alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Erlend Wittrup Djup
Seksjonsleiar
Telefon: +47 90027883
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook .
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.