A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Tor Larsen i Høyanger kommune søker ei erfaren sjukepleier til psykiatritenesta ved Høyanger helse- og sosialsenter. Du vil følgje brukarar over tid, heime og i kommunale lokalen, med tid til grundige vurderingar og tverrfagleg samhandling.
Vi tilbyr god kollegastøtte, rettleiing som ein fast del av arbeidskvardagen, og moglegheit for vidareutdanning innan psykisk helsearbeid eller terapi. Dette er ein 100 % fast stilling med dagtid og moglegheit for delvis medleverturnus framover.
Psykisk helseteam er lokalisert ved Høyanger helse- og sosialsenter og har seks tilsette med ulik fagbakgrunn. Eit tiltak med ni tilsette og Vaffelhjerte – eit nyoppstarta, fireårig prosjekt med lågterskel dagaktivitetstilbod – er også ein del av tenesta. Vi arbeider recoveryorientert og yter tenester til menneske med utfordringar innan psykisk helse og rus.
Vi har ledig100 % fast stilling frå snarast.
I psykiatritenesta i Høyanger får du moglegheit til å følgje dine eigne brukarar over tid – heime hos dei og ved psykisk helse sine lokalar – og rammene gir deg tid til å gå i djupna, også i dei vanskelegaste sakene.
Du blir ein del av eit team med god tradisjon for kollegastøtte, der ingen skal stå åleine i ein situasjon dei ikkje er trygge i. Rettleiing er ein fast del av arbeidskvardagen – ikkje berre noko du får ved behov – og du har reell moglegheit for videreutdanning, anten i psykisk helsearbeid, terapi eller spesialisering.
Arbeidet er variert, og kor mykje du gjer av kvart, avhengig av erfaringa og kompetansen din. Arbeidsoppgåvene er mellom anna:
Vi søkjer deg som er engasjert i utviklinga av Høyanger kommune, og som likar å finne løysingar i samarbeid med andre. Vi er opptekne av god service til innbyggjarane våre. Det må du også vere!
Vi ønskjer oss ein kollega som er nysgjerrig – på menneska du møter, på faget og på korleis ting kan gjerast betre. Du møter folk med varme, også dei som ikkje gjer det lett for deg, og held hovudet kaldt når det blir krevjande. Du tør å stille spørsmål ved eigne vurderingar, og du er ein kollega andre kan stole på.
Det er ein fordel med videreutdanning i psykisk helse- og rusarbeid og/eller erfaring frå arbeid i dette fagfeltet.
Vi tilbyr
Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju og får tilsendt ein case som skal presenterast.
Tenesta har i dag ei klar overvekt av kvinnelege medarbeidarar. Vi ønskjer betre kjønnsbalanse i teamet og oppmodar derfor menn til å søkje.
Høyanger kommune har store moglegheiter innan det grøne skiftet og sirkulærøkonomi. Industristaden Høyanger har rein, fornybar vasskraft, og vi har infrastruktur med toppmoderne industrianlegg.
Vi satsar på kultur og folkehelse, og vi dyrkar samspelet mellom det profesjonelle, kommunen og dei frivillige. Vi jobbar for å skape eit inkluderande og aldersvenleg samfunn, med fokus på universell utforming og gode møteplassar.
Vi har som mål å styrkje attraktiviteten til kommunen og sikre at det er godt å bu, besøkje og drive næring i heile kommunen.Her kjem du inn i biletet!
Lurer du på korleis det er å jobbe hos oss, eller korleis det er å bu i Høyanger kommune? Ta kontakt med sjukepleiar Inger Johanne Berge på 99 21 93 35.
Lurer du på kva du kan gjere på fritida i Høyanger kommune?
https://hoyanger.friskus.com/events
Den som blir tilsett, må levere godkjend politiattest før oppstart.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren etter offentleglova § 25 kan bli offentleggjorde, sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å bli unntatt