Psykiatrisk sjukepleiar/sjukepleiar

Kompetansekart

Høyanger

Remote

NOK 520,000 - 700,000

Full time

12 days ago

A complete application in a minute

Tailored resume and cover letter, ready to send.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Lønn etter tariff
Offentlig tjenestepensjon i KLP
Inntil 40% medlevturnus
Flyttegodtgjøring

Job summary

Kompetansekart i Høyanger kommune søkjer ein engasjert sjukepleiar til psykiatritenesta ved Høyanger helse- og sosialsenter. Du blir ein del av eit team med god tradisjon for støtteteam, og får følgje brukarane heim til dei og i kommunale lokalar, med tid til å gå i djupna i dei vanskelegaste sakene.

Vi tilbyr støttande rettleiing, vidareutdanning og lønn etter tariff med offentleg tenestepensjon i KLP. Nyutdanna sjukepleiarar startar med god ansiennitet og vi har lokal tillegg ved lang

Qualifications

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar, fortrinnsvis vidareutdanning i psykisk helsearbeid.
  • Førarkort klasse B, fortrinnsvis manuelt gir.
  • Gode norsk- og engelskkunnskapar, munnleg og skriftleg.

Responsibilities

  • Oppfølging og koordinering i samarbeid med fastlege, spesialisthelsetenesta og heimetenesta.
  • Støttesamtalar etter struktur og psykoedukasjon.
  • Legemiddelhandtering – istandgjering og utlevering – og oppfølging av somatisk helse.

Skills

Norsk autorisasjon som sjukepleiar
Førarkort klasse B
Norsk og engelsk kunnskap

Job description

Psykisk helseteam er lokalisert ved Høyanger helse- og sosialsenter og har seks tilsette med ulik fagbakgrunn. Eit tiltak med ni tilsette og Vaffelhjerte – eit nyoppstarta, fireårig prosjekt med lågterskel dagaktivitetstilbod – er også ein del av tenesta. Vi arbeider recoveryorientert og yter tenester til menneske med utfordringar innan psykisk helse og rus.

Vi har ledig100 % fast stilling frå snarast.

I psykiatritenesta i Høyanger får du moglegheit til å følgje dine eigne brukarar over tid – heime hos dei og ved psykisk helse sine lokalar – og rammene gir deg tid til å gå i djupna, også i dei vanskelegaste sakene.

Du blir ein del av eit team med god tradisjon for kollegastøtte, der ingen skal stå åleine i ein situasjon dei ikkje er trygge i. Rettleiing er ein fast del av arbeidskvardagen – ikkje berre noko du får ved behov – og du har reell moglegheit for vidareutdanning, anten i psykisk helsearbeid, terapi eller spesialisering.

Arbeidet er variert, og kor mykje du gjer av kvart, avheng av erfaringa og kompetansen din. Arbeidsoppgåvene er mellom anna:

  • Oppfølging og koordinering, inkludert ansvarsgruppe og individuell plan, i samarbeid med fastlegar, spesialisthelsetenesta og heimetenesta
  • Støttesamtalar etter fast struktur, psykoedukasjon og tilbakefallsførebygging
  • Eigne terapiforløp med rettleiing, når du har kompetansen til det
  • Legemiddelhandtering – istandgjering og utlevering – og oppfølging av somatisk helse
  • Fortløpande vurdering av risiko for sjølvmord og vald
  • Pårørandearbeid og rettleiing av pårørande, også når barn er pårørande
  • Planlegging og gjennomføring av lågterskelaktivitetar, mellom anna i Vaffelhjerte

Vi søkjer deg som er engasjert i utviklinga av Høyanger kommune, og som likar å finne løysingar i samarbeid med andre. Vi er opptekne av god service til innbyggjarane våre. Det må du også vere!

Kvalifikasjonar

Vi ønskjer oss ein kollega som er nysgjerrig – på menneska du møter, på faget og på korleis ting kan gjerast betre. Du møter folk med varme, også dei som ikkje gjer det lett for deg, og held hovudet kaldt når det blir krevjande. Du tør å stille spørsmål ved eigne vurderingar, og du er ein kollega andre kan stole på.

Faglege kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar, fortrinnsvis vidareutdanning i psykisk helsearbeid
  • Førarkort klasse B, fortrinnsvis manuelt gir
  • Gode norsk- og engelskkunnskapar, munnleg og skriftleg

Det er ein fordel med vidareutdanning i psykisk helse- og rusarbeid og/eller erfaring frå arbeid i dette fagfeltet.

Vi tilbyr

  • Overlapping med kollegaen som går av med pensjon, slik at du får ein god start
  • Arbeidstid på dagtid. Fram til sommaren 2027 kan inntil 40 % av stillinga vere knytt til tiltak med medleverturnus.
  • Lønn etter tariff og offentleg tenestepensjon i KLP. Nyutdanna sjukepleiarar startar med 8 års ansiennitet, og vi har eit lokalt ansiennitetstillegg på kr 15 000 ved 16 års ansiennitet.
  • Flyttegodtgjersle etter kommunalt regulativ for faste stillingar

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju og får tilsendt ein case som skal presenterast.

Tenesta har i dag ei klar overvekt av kvinnelege medarbeidarar. Vi ønskjer betre kjønnsbalanse i teamet og oppmodar derfor menn til å søkje.

Høyanger som bu- og arbeidsområde

Høyanger kommune har store moglegheiter innan det grøne skiftet og sirkulærøkonomi. Industristaden Høyanger har rein, fornybar vasskraft, og vi har infrastruktur med toppmoderne industrianlegg.

Vi satsar på kultur og folkehelse, og vi dyrkar samspelet mellom det profesjonelle, kommunen og dei frivillige. Vi jobbar for å skape eit inkluderande og aldersvenleg samfunn, med fokus på universell utforming og gode møteplassar.

Vi har som mål å styrkje attraktiviteten til kommunen og sikre at det er godt å bu, besøkje og drive næring i heile kommunen.Her kjem du inn i biletet!

Kvifor Høyanger?
  • Stor aktivitet innan næringslivet, med fokus på det grøne skiftet og sirkulærøkonomi
  • Eit rikt lag- og organisasjonsliv
  • Fokus på samskaping og samarbeid
  • Toppmoderne treningssenter, ski- og turløyper, idrettsanlegg og mykje meir

Lurer du på korleis det er å jobbe hos oss, eller korleis det er å bu i Høyanger kommune? Ta kontakt med sjukepleiar Inger Johanne Berge på 99 21 93 35.

Lurer du på kva du kan gjere på fritida i Høyanger kommune?

https://hoyanger.friskus.com/events

Den som blir tilsett, må levere godkjend politiattest før oppstart.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren etter offentleglova § 25 kan bli offentleggjorde, sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å bli unntatt


Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Psykiatrisk sjukepleiar/sjukepleiar
Psykiatrisk sjukepleiar/sjukepleiar

Tor Larsen • Høyanger

On-site
NOK 520,000 - 750,000
Overlapping med pensjonist
Dagtid arbeid
Lønns- og tariffrett heim
+1
Psykiatrisk sjukepleiar/sjukepleiar
Psykiatrisk sjukepleiar/sjukepleiar

Høyanger kommune Psykisk helseteam • Høyanger

On-site
NOK 550,000 - 650,000
Overlapping med pensjonistkollega
Arbeidstid på dagtid
Lønn etter tariff og offentleg tenestp
Vil du være med og halde Høyanger kommune sine bygg og anlegg i orden?
Vil du være med og halde Høyanger kommune sine bygg og anlegg i orden?

Preben Søreide • Høyanger

On-site
NOK 480,000 - 640,000
God pensjonsordning gjennom KLP
Lønn etter tariff
Triveleg arbeidsmiljø og godt fagleg合作
Er det du som mangler i teamet vårt?
Er det du som mangler i teamet vårt?

Hadsel kommune Miljøarbeidertjenesten • Stokmarknes

On-site
NOK 520,000 - 650,000
Langvaktturnus
Tverrfaglig arbeidsmiljø
Gode pensjons- og forsikringsordninger
+2
Sykepleier/Vernepleier x 3
Sykepleier/Vernepleier x 3

Olav Aukrust, Helse, omsorg og sosiale tjenester • Haugesund

On-site
NOK 640,000 - 760,000
100% fast stilling
13-timers vakter
IA - inkluderende arbeidsliv
+2
Helsefagarbeider - Heldøgns omsorgsbolig
Helsefagarbeider - Heldøgns omsorgsbolig

Solbjørg Dervo • Hadsel

On-site
NOK 450,000 - 520,000
Gode kollegaer
Grundig opplæring
Flyttegodtgjørelse
+3
Helseparken
Helseparken

Rana kommune Seksjon korttid • Mo i Rana

On-site
NOK 248,000 - 331,000
Spennende arbeidsoppgaver
Personlig utvikling
Pensjonsordning
Faste stillinger som sykepleier ved hjemmesykepleien Brønnøysund
Faste stillinger som sykepleier ved hjemmesykepleien Brønnøysund

Brønnøy kommune • Brønnøysund

On-site
NOK 620,000 - 820,000
Lønn iht tariff
Veiledertillegg
Naturskjønne omgivelser
Helsefagarbeider - Heldøgns omsorgsbolig
Helsefagarbeider - Heldøgns omsorgsbolig

Hadsel • Melbu

Remote
NOK 450,000 - 550,000
Gode kollegaer
Grundig opplæring
Flyttegodtgjørelse
+3
Sjukepleiar
Sjukepleiar

Margrethe Djupvik • Eggesbø

On-site
NOK 520,000 - 650,000
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Fagdag i turnus
Stipendordningar ved vidareutdanning
+2
Top locations