Enable job alerts via email!
En ledende helsetjeneste i Norge søker overlege i psykiatri. Du vil bli en del av et behandlingsteam, bidra til diagnostikk og behandling av pasienter i akuttpsykiatri. Stillingene krever norsk autorisasjon som lege, erfaring og gode samarbeidsevner. Vi tilbyr et godt arbeidsmiljø og tverrfaglig samarbeid.
Vi søkjer ny kollega! Som overlege i vår seksjon blir du ein del av eit behandlingsteam med 3 overlegar (spesialistar i psykiatri), 1 psykologspesialist, samt legar i spesialisering innan psykiatri. Seksjon vår er ein akuttpsykiatrisk seksjon med ansvar for ca 120 000 innbyggarar i Nordmøre og Romsdal. Vi tek imot både frivillege og tvangsinnleggingar. Stillinga inneber ansvar for begge typer pasientar, og vil gi ei brei erfaring med ei rekke akuttpsykiatriske problemstillinger. I seksjonen har vi legar i spesialisering (LIS1/LIS3) og 5.års medisinstudentar frå NTNU slik at utdanning og vidareformidling av kunnskap er ein del av arbeidskvardagen. Vi har over tid fått gode tilbakemeldinger på eit godt arbeidsmiljø og at seksjonen vår er ein hyggeleg stad å jobbe. Vi tilstreber at spesialistane samarbeider omkring pasientane, og det er lav terskel for tverrfaglege drøftinger. Vil du vere med på laget vårt? Send oss ein søknad!
Søknadsfrist 15.11.2025
Arbeidsgivar Helse Møre og Romsdal HF
Stad Hjelset
Stillingstittel Psykiater
Stillingar 1
Tilsetjingsform Fast
Stillingsprosent 100
Webcruiter-ID 4984716018
Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som lege i spesialisering.
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.
Regionen vår! Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her
Adresse: Opdølvegen, 6450 Hjelset, Norge
Ingrid Ølander
Konst. seksjonsleiar
E-post: Ingrid.Olander@helse-mr.no
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Forside - Helse Møre og Romsdal